Hjem

Utdanning

Masteremne

Sentrale teoriar i digital kultur

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Dette emnet gir studentane ei innføring i aktuelle teoriar og debattema frå fagfeltet Digital kultur. Studentane skal lære å orientere seg i eit vidt landskap av forståingsrammer som dei vil kunne nytte til å observere, skildre og fortolke forholdet mellom individ, samfunn og teknologi. Ein vil leggje særskild vekt på forståinga av både digitale objekt (som til dømes sosiale medium, digital kunst og litteratur) og mennesket sitt møte med den digitale verda.

Gjennom forelesingar og eige arbeid skal studentane lære å vurdere og bruke aktuelle teoriar i masterstudiet sitt  og bruke desse til å granske konkret forskingsmateriale.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten har kunnskapar om:

  • sentrale tekstar innan Digital kultur
  • sentrale teoriar og teoretikarar innan fagfeltet Digital kultur
  • sentrale debattspørsmål innan Digital kultur, til dømes rundt teknologi og teknisitet, kropp, identitet, kjønn og etnisitet.
  • aktuelle estetiske etiske og filosofiske tema i Digital kultur og tilgrensande  fagfelt

Ferdigheiter

Kandidaten kan:

  • orientere seg blant konkurrerande innfallsvinklar og utforme ei sjølvstendig  tilnærming til fagfeltet
  • samanlikne konkurrerande forståingsrammer og vurdere deira relevans for eit konkret tema innan Digital kultur
  • utforme kunnskapsmål som grunnlag for metodeutvikling i mastergradsprosjektet i Digital kultur

Generell kompetanse

Kandidaten kan:

  • anvende inngåande kunnskapar om akademisk skriving inkludert strategiar for dokumentasjon og bibliografi
  • kritisere allmenne førestellingar i media med utgangspunkt i teori
  • formulere og formidle denne refleksjonen overfor både eit akademisk  og eit allment publikum

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Tilrådd startgrunnlag er DIKULT104 eller DIKULT251.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved masterprogrammet i digital kultur. Studentar på andre masterprogram ved Universitetet i Bergen kan søkje Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier om å få melde seg til emnet.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga går over tolv veker. Det er eitt  seminar på tre timar i veka. Det blir forventa at studentane tar aktiv del i diskusjonar i  klasserommet.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan

instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets

retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan vere

aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og

før semesterregistreringsfristen 1. februar. / 1. september

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk oppmøte for alt undervisninga femnar om. Kursdeltakinga blir godkjend av emneansvarleg. Om fråværet overstig 25% må studenten vise fram legeattest for dagane med fråvær. Studenten kan ikkje gå opp til eksamen utan å ha oppfylt dette kravet.

Det vert gitt omlag sju mindre oppgåver som ein del av kurset. Desse oppgåvene er normalt skriftlege arbeid, som til dømes teksttolkingar, analytiske svar på gitte spørsmål, casestudiar eller feltarbeid.

Dei skal presenterast munnleg i undervisinga individuelt eller i gruppe. Dei er anten godkjende eller ikkje godkjende. Emneansvarleg godkjenner.  

Vurderingsformer

Sju dagars heimeeksamen, med eit omfang på 5000-7000 ord.

Karakterskala

Karakterskala A - F.

Litteraturliste

Studentane skal lese eit omfattande felles pensum (tilsvarande mellom 500 til 1000 sider) av bøker, artiklar, nettbaserte tekstar og materiale, filmar og digitale artefaktar. Studentane må vere førebudde på å lese lengre tekstar.

Alt materiale er i utgangspunktet på engelsk. Studentane kan i oppgåver bruke og vise til kjelder på andre språk.

I samarbeid med emneansvarleg skal studentane sjølve velje teoribasert tilleggsfagstoff tilsvarande fellespensumet.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Innleveringsfrist
    27.11.2017, 13:00
    Trekkfrist
    13.11.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen