Hjem

Utdanning

Masteremne

Digital medieestetikk

Studienivå (studiesyklus)

Master og PhD

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Dette emnet set søkjeljoset på retorikk, estetikk og hermeneutikk i nye digitale medium som til dømes hypertekst, simuleringssystem, dataspel, fleirbrukarforum, og digitale kunstverk.

Gjennom utforsking og lesing av digitale verk skal studentane utvikle teoretiske og kritiske perspektiv på medieutviklinga, på ulike førestellingar om ein digital medierevolusjon, og på den eller dei rollene som teknologien spelar i den mediekulturelle utviklinga. Tema som datakunst, teknologiske visjonar og praksis, digital litteratur, virtuell røyndom og dataspel blir granska og tolka  ved hjelp av ulike teoriar innan humaniora.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten har kunnskapar om:

  • retorikk, estetikk og hermeneutikk i nye digitale medium
  • estetiske og historiske trekk ved nye kulturelle digitale fenomen
  • teoretiske og kritiske perspektiv på nye medium og medieutvikling

Ferdigheiter

Kandidaten kan:

  • analysere ulike estetiske og kulturelle sider ved nye medium
  • på sjølvstendig vitskapeleg grunnlag utføre analysar av digitale, kulturelle fenomen
  • samanlikne konkurrerande forståingsrammer  innan digital estetisk teori og vurdere deira relevans for forståinga av digitale verk
  • utforme kunnskapsmål som grunnlag for metodeutvikling i mastergradsprosjektet i Digital kultur med fokus på estetiske og litterære innfallsvinklar

Generell kompetanse

Kandidaten kan:

  • anvende inngåande kunnskapar om artefaktanalyse, til dømes e-litteratur og digitale kunstformer
  • kritisere allmenne estetiske førestellingar i media med utgangspunkt i teori
  • formulere og formidle denne refleksjonen overfor både eit akademisk  og eit allment publikum, inkludert utøvande digitale kunstnarar eller forfattarar

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett på masterprogrammet i Digital kultur.

Studentar på andre masterprogram ved Universitetet i Bergen kan søkje Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier om å få melde seg til emnet.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga går over tolv veker. Det er eitt  seminar på tre timar i veka. Det blir forventa at studentane tar aktiv del i diskusjonar i  klasserommet.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan vere aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk oppmøte for alt undervisninga femnar om. Kursdeltakinga blir godkjend av emneansvarleg. Om fråværet overstig 25% må studenten vise fram legeattest for dagane med fråvær. Studenten kan ikkje gå opp til eksamen utan å ha oppfylt dette kravet.

Studenten skal i løpet av semesteret levere to korte skriftlege oppgåver. Dei obligatoriske oppgåvene er anten godkjende eller ikkje godkjende.

Vurderingsformer

7 dagars heimeeksamen på mellom 5000 og 7000  ord.

Karakterskala

Karakterskala A-F. Ei forklaring av denne skalaen finn ein på Mitt UiB.

Ph.d.-kandidatar får karakteren bestått/ikkje bestått.

Litteraturliste

Studentane skal lese eit omfattande felles pensum (tilsvarande mellom 500 til 1000 sider) av bøker, artiklar, nettbaserte tekstar og materiale og digitale artefaktar. Studentane må vere førebudde på å lese lengre tekstar.

Alt materiale er i utgangspunktet på engelsk. Studentane kan i oppgåver bruke og vise til kjelder på andre språk.

I samarbeid med emneansvarleg skal studentane sjølve velje teoribasert tilleggsfagstoff tilsvarande fellespensumet.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Innleveringsfrist
    06.12.2017, 13:00
    Trekkfrist
    22.11.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen