Hjem

Utdanning

Masteremne

Seminaremne i digital kultur

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeDIKULT304
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk, norsk ved behov
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Master og PhD

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mastergradsstudiet tar sikte på å gi ei grundig innføring i Digital kultur, i teoretiske og analytiske metodar og arbeidsteknikkar.

DIKULT304 er eit seminaremne i Digital kultur med vekt på sentrale spørsmål innan forsking på feltet Digital kultur. Emnet femner om relevant teori i tilknyting til eit nærare avgrensa tema. Tema for emnet vil variere, og kan til dømes vere:

  • ein teoretisk tradisjon (t.d. feministisk teknologiforsking)
  • ein metode (t.d. statistisk analyse av samhandling på nett)
  • eit tema (t.d. bruk av sosiale medium i politikken)
  • ein sentral problemstilling (t.d. internasjonale relasjonar i nettverkssamfunnet)

Tema vert annonsert ved semesterstart.

Ein sentral del av emnet er å delta i diskusjonar og munnlege presentasjonar.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten har kunnskapar om:

  • eit nærare avgrensa tema innan Digital kultur
  • teoretiske og metodologiske perspektiv som er særs relevante for forsking på dette temaet
  • dokumentasjonsteknikkar, bibliografisk arbeid, argumentasjonsformer, og  munnleg presentasjon i ei akademisk form

Ferdigheiter

Kandidaten kan:

  • på sjølvstendig grunnlag velje eit problemområde innan eit nærare avgrensa tema, identifisere og drøfte sentrale problemstillingar knytt til forståing av dette problemområde.
  • analysere og ta stilling til omdebatterte forskingsspørsmål
  • førebu og halde ein munnleg akademisk presentasjon og bruke til dømes audiovisuell formidling
  • arbeide med eit konkret pilotprosjekt som omhandlar til dømes digital verk, ytringsformer eller individ

Generell kompetanse

Kandidaten kan:

  • anvende inngåande kunnskapar om akademisk skriving inkludert strategiar for dokumentasjon og bibliografi
  • presentere og forsvare eit temabasert pilotprosjekt for eit akademisk publikum
  • kombinere munnleg og visuell, eller audiovisuell  formidling av eit avgrensa tema til eit ikkje-spesialisert fagpublikum

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

To emne på 300-nivå

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett på masterprogrammet i Digital kultur ved Universitetet i Bergen. Studentar på andre masterprogram kan søkje Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier om å få melde seg til emnet.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga går over ti veker. Det er eitt  seminar på 4 timar i veka. Det blir forventa at studentane tar aktiv del i diskusjonar i  klasserommet og held jamne presentasjonar.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan vere aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk oppmøte for alt undervisninga femnar om. Kursdeltakinga blir godkjend av faglærar. Om fråværet overstig 25% må studenten vise fram legeattest for dagane med fråvær. Studenten kan ikkje få sluttkarakter utan å ha oppfylt dette kravet.

Studentane skal førebu og gjennomføre to munnlege presentasjonar i undervisninga. Tema for presentasjonen blir vald i samråd med faglærar. Nokre presentasjonar kan bli gitt som gruppeframføring. Desse er anten godkjende eller ikkje godkjende Emneansvarleg godkjenner.

Vurderingsformer

Individuell munnleg presentasjon på 20 minutt om eit oppgitt tema som er knytt til undervisninga. Tema for presentasjonen blir gitt sju dagar før eksamen.

Den munnlege presentasjonen kan bli arrangert som ein konferanse for deltakarane på emnet og fagmiljøet.

Karakterskala

Karakterskala A - F.

Litteraturliste

Studentane skal lese eit felles pensum tilsvarande 500 sider. I samarbeid med emneansvarleg skal studentane sjølve velje teoribasert  tilleggsfagstoff tilsvarande fellespensumet. Studentane vil dessutan bli kjende med konkret empirisk materiale, til dømes e-litteratur, filmar, digitale artefakter som er relevante for deira faglege arbeid innan det nærare avgrensa temaet.

Alt materiale er i utgangspunktet på engelsk. Studentane kan i oppgåver bruke og vise til kjelder på andre språk.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Munnleg eksamen

    Trekkfrist
    07.09.2017