Examen facultatum - Innføring i samfunnsøkonomi
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
Emnet tilbys av
| Studiepoeng | 10 |
| Undervisningssemester | Haust |
| Fagleg overlapp | For å få ein bachelorgrad ved Det samfunnsvitskaplige fakultet må minimum 10 / maksimum 20 studiepoeng innføringsemne/exfac-emne vere avlagt (utanom ex.phil.). SV-fakultetet har følgjande innføringsemne/exfac-emne: SV100, AORG100, ECON100, GEO100, GLOB101, INFO100, MEVI100, SAMPOL100, SANT101 og SOS100. Exfac-emne frå andre fakultet/institusjonar gir fritak for dette gradskravet. |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Norsk
Krav til forkunnskapar
Ingen
Læringsutbyte
Etter å ha fullført emnet skal studentane kunne:
- gjere greie for sentrale omgrep som marknad, rasjonalitet, likevekt og modell.
- Gjere greie for sentrale deler av faget: mikroøkonomi (med tilbods-, etterspørsels- og marknadsanalysar), makroøkonomi (med konjunktur-, inflasjons- og vekstmodellar), arbeidsmarknader og arbeidsløyse, internasjonal handel, utvikling og globalisering.
- Mestre sentrale teoriar på kvart av desse felta og vere i stand til å bruke desse teoriane til å gjennomføre enkle analyser av hendingar og fenomen i norsk og internasjonal økonomi.
Kontaktinformasjon
Institutt for økonomi
E-post: studieveileder@econ.uib.no
Tlf: 55 58 92 26
Undervisningssemester
Haust
Eksamenssemester
Haust/vår
Undervisningsspråk
Norsk
Mål og innhald
Målet for kurset er å gi ei elementær innføring i faget samfunnsøkonomi.
Kurset startar med ein diskusjon av kva samfunnsøkonomifaget inneber, og held fram med ei innføring i sentrale samfunnsøkonomiske omgrep som marknad, rasjonalitet, likevekt, modell, strategi og analyse. Etter dette går ein inn på kva slags fenomen og problem økonomar studerer og korleis økonomar tenker. Hovuddelen av kurset er ein oversikt over og smakebitar frå sentrale deler av faget: mikroøkonomi (med tilbods-, etterspørsels- og marknadsanalysar), makroøkonomi (med konjunktur-, inflasjons- og vekstmodellar), arbeidsmarknader og arbeidsløyse, internasjonal handel, utvikling og globalisering. Det vil bli lagt stor vekt på å vise korleis dei ulike teoriane kan kaste lys over aktuelle spørsmål frå norsk og internasjonal røyndom. Etter dette går ein inn på kva slags fenomen og problem økonomar studerar.
Læringsutbyte/resultat
Etter å ha fullført emnet skal studentane kunne:
- gjere greie for sentrale omgrep som marknad, rasjonalitet, likevekt og modell.
- Gjere greie for sentrale deler av faget: mikroøkonomi (med tilbods-, etterspørsels- og marknadsanalysar), makroøkonomi (med konjunktur-, inflasjons- og vekstmodellar), arbeidsmarknader og arbeidsløyse, internasjonal handel, utvikling og globalisering.
- Mestre sentrale teoriar på kvart av desse felta og vere i stand til å bruke desse teoriane til å gjennomføre enkle analyser av hendingar og fenomen i norsk og internasjonal økonomi.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Fagleg overlapp
For å få ein bachelorgrad ved Det samfunnsvitskaplige fakultet må minimum 10 / maksimum 20 studiepoeng innføringsemne/exfac-emne vere avlagt (utanom ex.phil.). SV-fakultetet har følgjande innføringsemne/exfac-emne: SV100, AORG100, ECON100, GEO100, GLOB101, INFO100, MEVI100, SAMPOL100, SANT101 og SOS100. Exfac-emne frå andre fakultet/institusjonar gir fritak for dette gradskravet.
Undervisning og omfang
Førelesingar. Seminarundervisning.
Obligatoriske arbeidskrav
Ei obligatorisk innlevering som må vere bestått for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Studentar på profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi må delta på obligatoriske seminar og levere to obligatoriske oppgåver som må vere bestått for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Obligatorisk oppgåve og arbeidskrav er gyldig i inneverande og dei tre følgjande semestera.
Vurderingsformer
4 timar skriftleg skuleeksamen
Tillatne hjelpemiddel til eksamen:
Matematisk formelsamling av K. Sydsæter, A. Strøm og P. Berck, formelsamling i matematikk av Utdanningsdirektoratet og kalkulator. Berre følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillete brukt ved skriftlege prøvar:
Alle modellar av typane:
- Casio FX-82
- Hewlett-Packard HP30
- Texas instruments TI-30
Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.
Karakterskala
Karakterskala A-F
Emneevaluering
Alle emner ved Institutt for økonomi vert evaluert kvart undervisningssemester.
Kontaktinformasjon
Institutt for økonomi
E-post: studieveileder@econ.uib.no
Tlf: 55 58 92 26