Gå til innhold
English A A A
Emne ECON110

Mikroøkonomiske grunnomgrep og marknadsøkonomi

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 10
Undervisningssemester Vår
Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Undervisningsspråk

Norsk

Krav til forkunnskapar

Ingen

Læringsutbyte

Studentane skal ha god innsikt i rasjonalitetshypotesa marknadsteorien byggjer på. Dei skal vite korleis nyttemaksimerande forbrukarar og profittmaksimerande produsentar opptrer i ein marknad. Dei skal vita korleis prisar vert danna i ein marknad med fullkomen konkurranse. Dei skal vita kvifor prisar ikkje alltid fangar opp alle reelle verknader av økonomiske val. Dei skal kjenna til korleis ein monopolist set prisar i vare- og faktormarknader, og det velferdstapet som fylgjer av marknadsmakt. Studentane skal kunne ulike modellar som vert brukt for å studere marknader med strategisk konkurranse. Studentane skal kunna bruka si innsikt i ulike marknadsformer for å vurdera korleis ulike tiltak påverkar produsent- og konsumentoverskott.

Kontaktinformasjon

Institutt for økonomi

E-post: studieveileder@econ.uib.no

Tlf: 55 58 92 26

Undervisningssemester

Vår

Eksamenssemester

Haust/vår

Undervisningsspråk

Norsk

Mål og innhald

Målet med kurset er å gi ei elementær innføring i mikroøkonomiske teori og å gjere studentane kjende med sentrale omgrep og analytiske resultat innanforkonsument-, produksjon- og marknadsteori.

Det vert fyrst gitt ein introduksjon til teorien om etterspørselen til den enkelte konsument etter varer og tenester. Etter dette går ein gjennom produksjons- og kostnadsteorien og utleier med bakgrunn i denne den enkelte produsent si tilpassing. Vidare vil ein ta for seg sentrale delar av marknadsteorien. Det blir her lagt vekt på å karakterisere ulike typar av marknader, så som frikonkurranse, monopol og mellomformer av desse. Kurset vert avslutta med ei innføring i teori om tilbod av og etterspørsel etter arbeidskraft.

Læringsutbyte/resultat

Studentane skal ha god innsikt i rasjonalitetshypotesa marknadsteorien byggjer på. Dei skal vite korleis nyttemaksimerande forbrukarar og profittmaksimerande produsentar opptrer i ein marknad. Dei skal vita korleis prisar vert danna i ein marknad med fullkomen konkurranse. Dei skal vita kvifor prisar ikkje alltid fangar opp alle reelle verknader av økonomiske val. Dei skal kjenna til korleis ein monopolist set prisar i vare- og faktormarknader, og det velferdstapet som fylgjer av marknadsmakt. Studentane skal kunne ulike modellar som vert brukt for å studere marknader med strategisk konkurranse. Studentane skal kunna bruka si innsikt i ulike marknadsformer for å vurdera korleis ulike tiltak påverkar produsent- og konsumentoverskott.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

ECON140/MAT101.

Kan lesast parallelt med ECON140.

Undervisning og omfang

Førelesingar. Seminarundervisning.

Obligatoriske arbeidskrav

Ei obligatorisk innlevering som må vere bestått for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Studentar på profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi må delta på obligatoriske seminar og levere to obligatoriske oppgåver som må vere bestått for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Obligatorisk oppgåve og arbeidskrav er gyldig i inneverande og dei tre følgjande semestera.

Vurderingsformer

Skriftleg 4 timar eksamen.

 

Tillatne hjelpemiddel til eksamen:

Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck, formelsamling i matematikk av Utdanningsdirektoratet og kalkulator. Berre følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillete brukt ved skriftlege prøvar:

Alle modellar av typane:

¿ Casio FX-82

¿ Hewlett-Packard HP30

¿ Texas instruments TI-30

Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.

 

Karakterskala

Karakterskala A-F

Emneevaluering

Alle emner ved Institutt for økonomi vert evaluert kvart undervisningssemester.

Kontaktinformasjon

Institutt for økonomi

E-post: studieveileder@econ.uib.no

Tlf: 55 58 92 26