Gå til innhold
English A A A
Emne ECON115

Utviklingsøkonomi I

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 10
Undervisningssemester Haust
Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Undervisningsspråk

Norsk/engelsk

Krav til forkunnskapar

Ingen

Læringsutbyte

Studenten skal vite kor store skilnader det er i materielle levekår mellom rike og fattige land, korleis denne skilnaden har utvikla seg over tid og i kva grad andre levekårsindikatorar (slik som helse og skule) samvarierer med inntekt per capita. Studenten skal vite kva økonomisk vekst er, kva vilkår som ligg til grunn for økonomisk vekst og han eller ho skal kjenne sentrale teoriar for økonomisk vekst. Studenten skal ha kjennskap til ulike fattigdoms- og ulikskapsmål, og kva fordeler og ulemper dei ulike måla har. Han eller ho skal kjenne sentrale demografiske trekk i verda og ha kunnskap om korleis vekst i folketal påverkar andre økonomiske tilhøve. Studenten skal kjenne utviklinga i internasjonale handelsmønster og ha kunnskap om sentrale økonomiske teoriar for internasjonal handel. Dei som tar dette kurset skal kjenne til sentrale multilaterale hjelpeorganisasjonar og kva rolle dei har. Dei skal også kjenne til kvifor og korleis økonomisk utviklingshjelp vert gitt, og til kva ulike teoriar seier om korleis slik hjelp vil verke.

Kontaktinformasjon

Institutt for økonomi

E-post: studieveileder@econ.uib.no

Tlf: 55 58 92 26

Undervisningssemester

Haust

Eksamenssemester

Haust/vår

Undervisningsspråk

Norsk/engelsk

Mål og innhald

Kurset introduserer studentane til sentrale problemstillingar knytt til økonomisk utvikling i fattige land. Vi observerer at det er stor skilnad i materiell velstand mellom fattige og rike land, og at skilnaden vert større med tida. I tillegg til å kartlegge økonomiske storleikar, gjennomgår vi i kurset ulike teoriar som kan forklare årsakene til økonomisk vekst og utvikling (eller mangel på økonomisk vekst og utvikling).

Skilnaden i inntekt mellom rike og fattige land er enorm, og skilnaden vert større med tida. I kurset presenterer vi tal som underbyggjer desse påstandane, og teoriar som kan kaste lys over årsakene til utviklinga. Kurset gir ei innføring i korleis ulike økonomiske institusjonar og marknader fungerer i fattige land. Det vert spesielt fokusert på korleis kredittmarknaden fungerer. I kurset vert det også diskutert korleis ein i fattige land får realisert økonomiske mekanismar som forsterkar fattigdom (fattigdomsfeller).

Læringsutbyte/resultat

Studenten skal vite kor store skilnader det er i materielle levekår mellom rike og fattige land, korleis denne skilnaden har utvikla seg over tid og i kva grad andre levekårsindikatorar (slik som helse og skule) samvarierer med inntekt per capita. Studenten skal vite kva økonomisk vekst er, kva vilkår som ligg til grunn for økonomisk vekst og han eller ho skal kjenne sentrale teoriar for økonomisk vekst. Studenten skal ha kjennskap til ulike fattigdoms- og ulikskapsmål, og kva fordeler og ulemper dei ulike måla har. Han eller ho skal kjenne sentrale demografiske trekk i verda og ha kunnskap om korleis vekst i folketal påverkar andre økonomiske tilhøve. Studenten skal kjenne utviklinga i internasjonale handelsmønster og ha kunnskap om sentrale økonomiske teoriar for internasjonal handel. Dei som tar dette kurset skal kjenne til sentrale multilaterale hjelpeorganisasjonar og kva rolle dei har. Dei skal også kjenne til kvifor og korleis økonomisk utviklingshjelp vert gitt, og til kva ulike teoriar seier om korleis slik hjelp vil verke.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisning og omfang

Førelesingar. Seminarundervisning.

Obligatoriske arbeidskrav

Godkjent innleveringsoppgåve med formativ tilbakemelding.

Obligatorisk oppgåve og arbeidskrav er gyldig i inneverande og dei tre følgjande semestera.

Vurderingsformer

Skriftleg 4 timar eksamen.

Tillatne hjelpemiddel til eksamen:

Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck, formelsamling i matematikk av Utdanningsdirektoratet og kalkulator. Berre følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillete brukt ved skriftlege prøvar:

Alle modellar av typane:

- Casio FX-82

- Hewlett-Packard HP30

- Texas instruments TI-30

Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Emneevaluering

Alle emner ved Institutt for økonomi vert evaluert kvart undervisningssemester.

Kontaktinformasjon

Institutt for økonomi

E-post: studieveileder@econ.uib.no

Tlf: 55 58 92 26