Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Miljø- og ressursøkonomi

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haustsemester

Mål og innhald

Målsetjinga for kurset er å gi ei brei innføring i sentrale tema innanfor miljø- og naturressursøkonomi.

Samfunnsøkonomisk kunnskap om naturmiljø og naturressurser har fått ei større og større betydning ikkje berre for dei styrande organ som skal regulere aktiviteten på desse område, men også for private aktørar som skal tilpasse seg lovar og reglar som vert utforma, og som selv ønsker å handle berekraftig.

Kurset begynner med en gjennomgang av dei miljø- og klimamessige utfordringar som vi står overfor og går deretter inn på ein del grunnleggjande prinsipp innanfor økonomisk teori som må bli lagt til grunn for forvaltninga av naturen. Det handlar om prinsipp knytta til såkalla effisiens og til velferdsteori. Samfunnsøkonomisk sett betraktar vi miljø- og klimaproblem som eit resultat av såkalla marknadssvikt eller marknadsfeil. Kurset vil gi ein gjennomgang av dei viktigaste former for marknadssvikt. Et anna tema som vert tatt opp er utnytting av fossile og fornybare energiressursar. Vidare vil kurset ta opp spørsmål knytta til berekraftig utvikling og internasjonale klima-avtaler. Endeleg vil kurset legge vekt på samfunnsøkonomiske prinsipp knytta til forvaltning av ikkje-fornybare (f.eks. olje, naturgass, kol) og fornybare naturressursar (f.eks. skog, vann, fisk).

Læringsutbyte

Ein kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgjande totale læringsutbyte, definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten...

  • har kjennskap til dei mest sentrale miljøspørsmåla nasjonalt og internasjonalt slik som luftforureining og klimaendringar.
  • kan gjere greie for det økonomiske grunnlaget for miljøpolitikken med vekt på ulike typar av marknadssvikt slik som eksternalitetar, kollektive gode, naturlege monopol og manglande marknader.
  • Kan forklare sentrale omgrep slik som ressursrente, effisiens, knapphet, bærekraft og ressursrente.

Ferdigheiter

Kandidaten...

  • kan gjere greie for prinsipp og metodar til å verdisetje miljøgode.
  • kan skilje mellom og beskrive ulike typar av verkemiddel til å handtere marknadssvikt slik som miljøavgifter (Pigou-skatter), omsettelige kvoter og direkte regulering.
  • kan gjere greie for prinsipp for samfunnsøkonomisk optimal utvinning av ikkje-fornybare (olje/ kull) og fornybare ressursar (skog, vann, fisk)

Krav til forkunnskapar

Ingen

Arbeids- og undervisningsformer

18 dobbelttimar (36 totalt), alternerande

4 seminar

1 innleveringsoppgåve

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ein godkjend innleveringsoppgåve

Vurderingsformer

4 timar skriftleg eksamen.

 

Tillatne hjelpemiddel til eksamen:

Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck, formelsamling i matematikk av Utdanningsdirektoratet og kalkulator. Berre følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillete brukt ved skriftlege prøvar:

Alle modellar av typane:

* Casio FX-82

* Hewlett-Packard HP30

* Texas instruments TI-30

Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Haustsemester

Emneevaluering

Alle emner ved Institutt for økonomi vert evaluert kvart undervisningssemester.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for økonomi

E-post: studieveileder@econ.uib.no

Tlf: 55 58 92 26

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Skoleeksamen

    Dato
    06.12.2017, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    22.11.2017