Gå til innhold
English A A A
Emne ECON121

Helseøkonomi

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 10
Undervisningssemester Haust
Fagleg overlapp

Full poengreduksjon mot ECON221

Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Undervisningsspråk

Norsk

Krav til forkunnskapar

Ingen

Læringsutbyte

Studentane skal ha kunnskapar i korleis økonomiske analyser av helsesektoren og helsepolitiske spørsmål kan bli gjennomført. Døme på økonomiske analyser er kostnads-, nytte- og verdianalysar, samt teoriar knytt til finansiering av helsesektoren. Kunnskapen skal dekke både teori og metodar for å teste teoriane. Studentane skal også bli kjent med oppbygningen av det norske helsesystemet, samt å få innblikk i problemstillingar knytt til helseforbetringar i utviklingsland.

Noreg er eit av landa i verda som bruker mest pengar på helse. Studentane skal kjenne til relevansen av helsesektoren, samt kva som gjer helsesektoren forskjellig frå andre viktige sektorar i økonomien. Dessutan skal studentane ha kunnskapar om korleis vi definerer helse, samt ulike måtar vi kan måle helsetilstanden i eit samfunn på.

Kontaktinformasjon

Institutt for økonomi

E-post: studieveileder@econ.uib.no

Tlf: 55 58 92 26

Undervisningssemester

Haust

Eksamenssemester

Haust/vår

Undervisningsspråk

Norsk

Institutt

Institutt for økonomi

Mål og innhald

Formålet med kurset er å gi ei oversikt over økonomiske metodar som kan brukast på analyser av helsesektoren.

Kurset vil gi studentane ei innføring i grunnleggjande emne i helseøkonomi og erfaring med korleis desse kan brukast til å vurdere og løyse styringsproblem i helsesektoren. Studentane vil få innsikt i oppbygging av den norsk helsesektoren, og i metodar for evaluering av helsetiltak, i betalings- og finansieringssystem i helsesektoren, og om marknads- og konkurranseformer ved produksjon av helsetenester. Bruk er på analyser av helseføretak (sjukehus), kommunehelsetenesta og allmennlegar, marknader for legemiddel, og fordeling av helse- og helsetenester i befolkninga. Det vil også bli gitt ei innføring i enkelte globale helseproblemstillingar og helseproblem i utviklingsland.

Læringsutbyte/resultat

Studentane skal ha kunnskapar i korleis økonomiske analyser av helsesektoren og helsepolitiske spørsmål kan bli gjennomført. Døme på økonomiske analyser er kostnads-, nytte- og verdianalysar, samt teoriar knytt til finansiering av helsesektoren. Kunnskapen skal dekke både teori og metodar for å teste teoriane. Studentane skal også bli kjent med oppbygningen av det norske helsesystemet, samt å få innblikk i problemstillingar knytt til helseforbetringar i utviklingsland.

Noreg er eit av landa i verda som bruker mest pengar på helse. Studentane skal kjenne til relevansen av helsesektoren, samt kva som gjer helsesektoren forskjellig frå andre viktige sektorar i økonomien. Dessutan skal studentane ha kunnskapar om korleis vi definerer helse, samt ulike måtar vi kan måle helsetilstanden i eit samfunn på.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Fagleg overlapp

Full poengreduksjon mot ECON221

Undervisning og omfang

Førelesingar. Seminarundervisning.

Obligatoriske arbeidskrav

Godkjent innleveringsoppgåve med formativ tilbakemelding.

Obligatorisk oppgåve og arbeidskrav er gyldige i inneverande og dei tre påfølgande semestra.

Vurderingsformer

4 timar skriftleg eksamen

Tillatne hjelpemiddel til eksamen:

Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck, formelsamling i matematikk av Utdanningsdirektoratet og kalkulator. Berre følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillete brukt ved skriftlege prøvar:

Alle modellar av typane:

- Casio FX-82

- Hewlett-Packard HP30

- Texas instruments TI-30

Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Emneevaluering

Alle emner ved Institutt for økonomi vert evaluert kvart undervisningssemester.

Kontaktinformasjon

Institutt for økonomi

E-post: studieveileder@econ.uib.no

Tlf: 55 58 92 26