Makroøkonomi I
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
Emnet tilbys av
| Studiepoeng | 10 |
| Undervisningssemester | Vår |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Norsk
Krav til forkunnskapar
Ingen
Læringsutbyte
Studentane skal ha fått ei innføring i dei sentrale makroøkonomiske nøkkelomgrepa og dei viktigaste sambanda i nasjonalrekneskapen. Studentane skal òg ha kunnskap om korleis desse nøkkelstorleikane venteleg heng saman med kvarandre, spesielt rente, valuta, prisstigning og aktivitetsnivå. Ein stor bolk av kurset tek føre seg sentrale keynesianske modellar som IS-MP modellen og IS-LM modellen. Ei første drøfting av inflasjon og rolla til inflasjonsforventingane høyrer og med. Det vert venta at studentane kan nytte modellane til å drøfta aktuelle makroøkonomiske hendingar i Noreg og verda - og at dei forstår kva som ligg bak bruken av dei to sentrale makroøkonomiske politikkinstrumenta i Noreg, nemleg inflasjonsmålet til Noregs Bank og handlingsregelen for bruk av pengar over statsbudsjettet.
Kontaktinformasjon
Institutt for økonomi
E-post: studieveileder@econ.uib.no
Tlf: 55 58 92 26
Undervisningssemester
Vår
Eksamenssemester
Haust/vår
Undervisningsspråk
Norsk
Mål og innhald
Målsetjinga med kurset er å gi studentane ei innføring i makroøkonomiskeomgrep og samanhengar.
Kurset tar til med ei innføring i makroøkonomiske omgrep som nasjonalprodukt, privat og offentleg konsum, sparing, investering, eksport og import. Det vert lagt vekt på å vise korleis desse storleikane kan målast, bestemmast og står i høve til kvarandre. Vidare vil ein gå igjennom teorien for korleis sentrale målstorleikar, t.d. arbeidsløyse, inflasjon og rentenivå, kan påverkast ved hjelp av offentleg finans- og pengepolitikk.
Læringsutbyte/resultat
Studentane skal ha fått ei innføring i dei sentrale makroøkonomiske nøkkelomgrepa og dei viktigaste sambanda i nasjonalrekneskapen. Studentane skal òg ha kunnskap om korleis desse nøkkelstorleikane venteleg heng saman med kvarandre, spesielt rente, valuta, prisstigning og aktivitetsnivå. Ein stor bolk av kurset tek føre seg sentrale keynesianske modellar som IS-MP modellen og IS-LM modellen. Ei første drøfting av inflasjon og rolla til inflasjonsforventingane høyrer og med. Det vert venta at studentane kan nytte modellane til å drøfta aktuelle makroøkonomiske hendingar i Noreg og verda - og at dei forstår kva som ligg bak bruken av dei to sentrale makroøkonomiske politikkinstrumenta i Noreg, nemleg inflasjonsmålet til Noregs Bank og handlingsregelen for bruk av pengar over statsbudsjettet.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Kan lesast parallelt med ECON140.
Undervisning og omfang
Førelesingar. Seminarundervisning.
Obligatoriske arbeidskrav
Ei obligatorisk innlevering som må vere bestått for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Studentar på profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi må delta på obligatoriske seminar og levere to obligatoriske oppgåver som må vere bestått for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Obligatorisk oppgåve og arbeidskrav er gyldig i inneverande og dei tre følgjande semestera.
Vurderingsformer
Skriftleg 4 timar eksamen.
Tillatne hjelpemiddel til eksamen:
Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck, formelsamling i matematikk av Utdanningsdirektoratet og kalkulator. Berre følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillete brukt ved skriftlege prøvar:
Alle modellar av typane:
¿ Casio FX-82
¿ Hewlett-Packard HP30
¿ Texas instruments TI-30
Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.
Karakterskala
Karakterskala A-F
Emneevaluering
Alle emner ved Institutt for økonomi vert evaluert kvart undervisningssemester.
Kontaktinformasjon
Institutt for økonomi
E-post: studieveileder@econ.uib.no
Tlf: 55 58 92 26