Makroøkonomi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Målsetjinga med kurset er å gi studentane ei innføring i makroøkonomiskeomgrep og samanhengar.

Kurset tar til med ei innføring i makroøkonomiske omgrep som nasjonalprodukt, privat og offentleg konsum, sparing, investering, eksport og import. Det vert lagt vekt på å vise korleis desse storleikane kan målast, bestemmast og står i høve til kvarandre. Vidare vil ein gå igjennom teorien for korleis sentrale målstorleikar, t.d. arbeidsløyse, inflasjon og rentenivå, kan påverkast ved hjelp av offentleg finans- og pengepolitikk.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten...

  • kan gjere greie for dei sentrale makroøkonomiske nøkkelomgrepa og dei viktigaste sambanda i nasjonalrekneskapen.
  • kan forklare korleis desse nøkkelstorleikane venteleg heng saman med kvarandre, spesielt rente, valuta, prisstigning og aktivitetsnivå.
  • kan forklare sentrale keynesianske modellar for lukka og open økonomi.
  • kan drøfte inflasjon og rolla til inflasjonsforventingane høyrer og med.

Ferdigheiter

Kandidaten...

  • kan nytte modellane til å drøfta aktuelle makroøkonomiske hendingar i Noreg og verda - og forstå kva som ligg bak bruken av dei to sentrale makroøkonomiske politikkinstrumenta i Noreg, nemleg inflasjonsmålet til Noregs Bank og handlingsregelen for bruk av pengar over statsbudsjettet.

Undervisningssemester

Vår
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar

ECON140 / MAT101.

Kan lesast parallelt med ECON140.

Studiepoengsreduksjon
4 studiepoeng med ITØK102
Krav til studierett
Ope
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar. Seminarundervisning.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei obligatorisk innlevering som må vere bestått for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Studentar på profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi må delta på obligatoriske seminar og levere to obligatoriske oppgåver som må vere bestått for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Obligatorisk oppgåve som ikkje blir godkjent på første forsøk, kan leverast på nytt. For å kunna levera på nytt, må første forsøk vera utfyllande, det vil seie at studenten må ha gjort eit forsøk på å svara på størsteparten av oppgåva.

Obligatoriske arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing.

Vurderingsformer

Skriftleg 4 timar eksamen

Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk eller dansk. Det er også høve til å levere på engelsk.

Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær etter UiBs studieforskrift § 5-5.

Dersom det arrangeres kontinuasjonseksamen, er dette tilgjengelig for studenter med følgende resultat/fravær:

  • Legeattest/gyldig fravær
  • Avbrudd under eksamen
  • Stryk/ikke bestått

Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen og det blir arrangert kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær, kan du etter 15. januar/1. august melde deg opp selv i studentweb.

Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Hjelpemiddel til eksamen
  • Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck eller Mathematical Formulas for Economists of B. Luderer, V. Nollau and K. Vetters.
  • Enkel, ikkje-programmerbar kalkulatorar utan grafisk display i samsvar med universitetets reglar.
  • Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.