Matematikk for økonomer
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
Emnet tilbys av
| Studiepoeng | 10 |
| Undervisningssemester | Vår |
| Fagleg overlapp | MAT101: 7 studiepoeng, MAT111: 5 studiepoeng. |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Norsk
Krav til forkunnskapar
Ingen
Læringsutbyte
Studentane skal i dette kurset lære å beherske dei mest grunnleggande matematiske metodane som brukast i andre kurs i samfunnsøkonomi, spesielt i forhold til mikroøkonomisk teori og bruk. Sentralt i kurset står teorien for situasjonar der økonomiske aktørar har muligheit til å foreta val mellom ulike alternativ, og der kva val dei gjennomfører har økonomiske konsekvensar som er enten av ønskelig eller ikkje-ønskelig karakter. I matematisk terminologi handlar kurset altså først og fremst om maksimering eller minimering av funksjoner, der det kan, men ikkje treng å vere, avgrensingar på kva val som er moglege. For å kunne beherske metoden for å løyse slike matematiske problem, er det naudsynt å forstå andre grunnleggjande matematiske omgrep, spesielt det å kunne berekne den deriverte av ein funksjon som derfor er ein sentral del av kurset. Andre mindre tema som ligg til grunn for andre kurs innanfor samfunnsøkonomi blir også gjennomgått, her under enkel finansmatematikk.
Kontaktinformasjon
Institutt for økonomi
E-post: studieveileder@econ.uib.no
Tlf: 55 58 92 26
Undervisningssemester
Vår
Eksamenssemester
Haust/vår
Undervisningsspråk
Norsk
Studienivå
Bachelor
Mål og innhald
Kurset skal gjere studentane i stand til å betre møte dei krav som vert stilt til matematikk som ein står overfor på mastergrad og andre økonomikurs.
Kurset begynner med innføring i elementær algebra, likningar og funksjoner av ein variabel. Kurset fortsetter så med derivasjon og kontinuitet og implisitt derivasjon. Vidare studerer ein finansmatematikk og maksimums- og minimumsproblem. Så følgjer ei innføring i integralregning og presentasjon av funksjoner av fleire variablar samt derivasjon av implisitt gitte funksjoner. Kurset vert avslutta med optimeringsproblem for funksjoner av fleire variablar og maksimering og minimering under biføresetnader (Lagranges metode).
Læringsutbyte/resultat
Studentane skal i dette kurset lære å beherske dei mest grunnleggande matematiske metodane som brukast i andre kurs i samfunnsøkonomi, spesielt i forhold til mikroøkonomisk teori og bruk. Sentralt i kurset står teorien for situasjonar der økonomiske aktørar har muligheit til å foreta val mellom ulike alternativ, og der kva val dei gjennomfører har økonomiske konsekvensar som er enten av ønskelig eller ikkje-ønskelig karakter. I matematisk terminologi handlar kurset altså først og fremst om maksimering eller minimering av funksjoner, der det kan, men ikkje treng å vere, avgrensingar på kva val som er moglege. For å kunne beherske metoden for å løyse slike matematiske problem, er det naudsynt å forstå andre grunnleggjande matematiske omgrep, spesielt det å kunne berekne den deriverte av ein funksjon som derfor er ein sentral del av kurset. Andre mindre tema som ligg til grunn for andre kurs innanfor samfunnsøkonomi blir også gjennomgått, her under enkel finansmatematikk.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Fagleg overlapp
MAT101: 7 studiepoeng, MAT111: 5 studiepoeng.
Undervisning og omfang
Førelesingar. Rekneøvingar. Seminar.
Vurderingsformer
Eksamensoppgåvene er eit modifisert utval av oppgåver gjennomgått på rekneøvingane.
4 timar skriftleg eksamen.
Tillatne hjelpemiddel til eksamen:
Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck, formelsamling i matematikk av Utdanningsdirektoratet og kalkulator. Berre følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillete brukt ved skriftlege prøvar:
Alle modellar av typane:
- Casio FX-82
- Hewlett-Packard HP30
- Texas instruments TI-30
Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.
Karakterskala
Karakterskala A-F
Emneevaluering
Alle emner ved Institutt for økonomi vert evaluert kvart undervisningssemester.
Kontaktinformasjon
Institutt for økonomi
E-post: studieveileder@econ.uib.no
Tlf: 55 58 92 26