Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Matematikk for økonomer

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Kurset skal gjere studentane i stand til å betre møte dei krav som vert stilt til matematikk som ein står overfor på mastergrad og andre økonomikurs.

Kurset begynner med innføring i elementær algebra, likningar og funksjoner av ein variabel. Kurset fortsetter så med derivasjon og kontinuitet og implisitt derivasjon. Vidare studerer ein finansmatematikk og maksimums- og minimumsproblem. Så følgjer ei innføring i integralregning og presentasjon av funksjoner av fleire variablar samt derivasjon av implisitt gitte funksjoner. Kurset vert avslutta med optimeringsproblem for funksjoner av fleire variablar og maksimering og minimering under biføresetnader (Lagranges metode).

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten...

  • kan gjere greie for enkel integralrekning, presentasjon av funksjoner av fleire variablar samt derivasjon av implisitte gitte funksjoner.
  • forstår optimeringsproblem for funksjoner av fleire variablar og maksimering og minimering med sidevilkår (Lagranges metode).

Ferdigheiter

Kandidaten...

  • kan nytte elementær algebra med likningar og funksjoner av ein variabel.
  • kan nytte derivasjon, kontinuitet og implisitt derivasjon.
  • kan nytte finansmatematikk og maksimums- og minimumsproblem.
  • kan formulere enkle økonomiske problem matematisk, løyse desse og tolke resultata.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar og seminar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

2 obligatoriske innleveringsoppgåver og 1 fleirvalsoppgåve (multiple choice) må vere godkjend for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Obligatorisk oppgåve og arbeidskrav er gyldig i inneverande og dei tre følgjande semestera.

Vurderingsformer

4 timar skriftleg eksamen.

Tillatne hjelpemiddel til eksamen:

Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck, formelsamling i matematikk av Utdanningsdirektoratet og kalkulator. Berre følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillete brukt ved skriftlege prøvar:

Alle modellar av typane:

¿ Casio FX-82

¿ Hewlett-Packard HP30

¿ Texas instruments TI-30

Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Fagleg overlapp

MAT101: 7 studiepoeng, MAT111: 5 studiepoeng.

Vurderingssemester

Same som undervisningssemester

Emneevaluering

Alle emner ved Institutt for økonomi vert evaluert kvart undervisningssemester.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for økonomi

E-post: studieveileder@econ.uib.no

Tlf: 55 58 92 26