Gå til innhold
English A A A
Emne ECON160

Bedriftsstrategi og konkurransepolitikk

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 10
Undervisningssemester Haust
Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Undervisningsspråk

Norsk

Krav til forkunnskapar

Ingen

Læringsutbyte

Studentane skal i dette kurset lære grunnleggjande metodar for å studere strategisk tenking, nærmare bestemt korleis ein bedrift bør opptre i marknader der konkurrerande aktørar er gjensidig avhengige. Det blir gitt ei innføring i spelteori og ulike modeller for imperfekt konkurranse. Studenten skal kunne bruke desse modellane og finne optimale strategiar og likevekter i enkle dømer. Vidare skal studenten kunne drøfte korleis horisontale og vertikale fusjoner, samt vertikale bindingar vil påverke desse likevektene, og berekne effekten på den samfunnsøkonomiske effektiviteten, og korleis konkurransepolitikk kan bli brukt for å oppnå ei meir ønska likevekt.

Kontaktinformasjon

Institutt for økonomi

E-post: studieveileder@econ.uib.no

Tlf: 55 58 92 26

Undervisningssemester

Haust

Eksamenssemester

Haust/vår

Undervisningsspråk

Norsk

Studienivå

Bachelor

Mål og innhald

Formålet med kurset er å gi studentane ei generell innføring i bedriftsstrategi og konkurransepolitikk.

Kurset tar for seg strategisk tenking, nærare bestemt om korleis ei bedrift bør opptre i marknader der konkurrerande aktørar er gjensidig avhengige. Det handlar altså om spelet mellom bedrifter. Det vert gitt ei innføring i spelteori og forskjellige modellar for imperfekt konkurranse, og vi ser på kva for rolle konkurransepolitikken kan spele for å sikre samfunnsøkonomisk effektivitet i slike marknader. Sentrale tema som vert handsama i kurset er omgrepa marknadsmakt og samfunnsøkonomisk effektivitet, horisontale og vertikale fusjonar, teori for vertikale bindingar, og kva som er mogleg å få i stand for bedrifter når det gjeld kartell og/eller stilltiande prissamarbeid. Teorien er fyldig illustrert med døme og bruksområde.

Læringsutbyte/resultat

Studentane skal i dette kurset lære grunnleggjande metodar for å studere strategisk tenking, nærmare bestemt korleis ein bedrift bør opptre i marknader der konkurrerande aktørar er gjensidig avhengige. Det blir gitt ei innføring i spelteori og ulike modeller for imperfekt konkurranse. Studenten skal kunne bruke desse modellane og finne optimale strategiar og likevekter i enkle dømer. Vidare skal studenten kunne drøfte korleis horisontale og vertikale fusjoner, samt vertikale bindingar vil påverke desse likevektene, og berekne effekten på den samfunnsøkonomiske effektiviteten, og korleis konkurransepolitikk kan bli brukt for å oppnå ei meir ønska likevekt.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisning og omfang

Førelesingar. Seminarundervisning.

Obligatoriske arbeidskrav

Godkjent innleveringsoppgåve.

Obligatorisk oppgåve og arbeidskrav er gyldig i inneverande og dei tre følgjande semestera.

Vurderingsformer

4 timar skriftleg eksamen.

Tillatne hjelpemiddel til eksamen:

Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck, formelsamling i matematikk av Utdanningsdirektoratet og kalkulator. Berre følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillete brukt ved skriftlege prøvar:

Alle modellar av typane:

- Casio FX-82

- Hewlett-Packard HP30

- Texas instruments TI-30

Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Emneevaluering

Alle emner ved Institutt for økonomi vert evaluert kvart undervisningssemester.

Kontaktinformasjon

Institutt for økonomi

E-post: studieveileder@econ.uib.no

Tlf: 55 58 92 26