Velferd og økonomisk politikk
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
Emnet tilbys av
| Studiepoeng | 10 |
| Undervisningssemester | Haust |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Norsk
Krav til forkunnskapar
Ingen
Læringsutbyte
Studenten skal ha tileigna seg kunnskap om kva vi meiner med om generell likevekt, og forstå forskjellen mellom partiell og generell modellering av økonomiske samanhenger. Vidare skal studenten få innsikt i korleis ressursane i ein økonomi bør allokerast for å oppnå best mogleg utnytting av dei innanfor den generelle likevektsmodellen. Kva som karakteriserer effektiv allokering av ressursane er avhengig om vi har ulike former for marknadsvikt. Studenten skal kunne forklare korleis ein kan sikre effektiv ressursbruk når ein har innslag av marknadssvikt som eksterne effektar og kollektive gode, og kva som er politikkimplikasjonane av marknadssvikt. Andre sentrale spørsmål studenten skal få kunnskapar om er nytte- kostnadsanalysar og politisk økonomi, samt kva effektivitets- og fordelingseigenskapar som oppstår ved ulike former for skattar.
Kontaktinformasjon
Institutt for økonomi
E-post: studieveileder@econ.uib.no
Tlf: 55 58 92 26
Undervisningssemester
Haust
Eksamenssemester
Haust/vår
Undervisningsspråk
Norsk
Studienivå
Bachelor
Mål og innhald
Målet med kurset er å gi studentane ei elementær innføring i sentrale delar av teorien for ressursallokering og velferdsteori.
Det vert gitt ein introduksjon til teorien om generell likevekt. Etter dette vil vi gjera greie for korleis ressursane i ein økonomi bør allokerast for å oppnå best mogleg utnytting av dei. Vidare vil ein i kurset gjera greie for korleis ein kan sikre effektiv ressursbruk når ein har innslag av eksterne effektar og kollektive gode i økonomien. Andre sentrale spørsmål som vert tatt opp er nytte- kostnadsanalysar og politisk økonomi. Kurset vil også ta opp effektivitets- og fordelingseigenskapar ved ulike former for skattar.
Læringsutbyte/resultat
Studenten skal ha tileigna seg kunnskap om kva vi meiner med om generell likevekt, og forstå forskjellen mellom partiell og generell modellering av økonomiske samanhenger. Vidare skal studenten få innsikt i korleis ressursane i ein økonomi bør allokerast for å oppnå best mogleg utnytting av dei innanfor den generelle likevektsmodellen. Kva som karakteriserer effektiv allokering av ressursane er avhengig om vi har ulike former for marknadsvikt. Studenten skal kunne forklare korleis ein kan sikre effektiv ressursbruk når ein har innslag av marknadssvikt som eksterne effektar og kollektive gode, og kva som er politikkimplikasjonane av marknadssvikt. Andre sentrale spørsmål studenten skal få kunnskapar om er nytte- kostnadsanalysar og politisk økonomi, samt kva effektivitets- og fordelingseigenskapar som oppstår ved ulike former for skattar.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Undervisning og omfang
Førelesingar. Seminarundervisning.
Obligatoriske arbeidskrav
Ei obligatorisk innlevering som må vere godkjend for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Studentar på profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi må delta på obligatoriske seminar og levere to obligatoriske oppgåver som må vere bestått for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Obligatorisk oppgåve og arbeidskrav er gyldig i inneverande og dei tre følgjande semestera.
Vurderingsformer
4 timar skriftleg eksamen.
Tillatne hjelpemiddel til eksamen:
Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck, formelsamling i matematikk av Utdanningsdirektoratet og kalkulator. Berre følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillete brukt ved skriftlege prøvar:
Alle modellar av typane:
- Casio FX-82
- Hewlett-Packard HP30
- Texas instruments TI-30
Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.
Karakterskala
Karakterskala A-F
Emneevaluering
Alle emner ved Institutt for økonomi vert evaluert kvart undervisningssemester.
Kontaktinformasjon
Institutt for økonomi
E-post: studieveileder@econ.uib.no
Tlf: 55 58 92 26