Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Challenges of Global Poverty

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Emnet har som mål å gje studentane ei betre forståing av korleis dei fattige i verda lever og utforske korleis vi kan forbetre kåra deira.

Dei sentrale tema som vert tekne opp er:

  • Fattigdommens art og fordeling på tvers av land og regioner.
  • Årsakene til vedvarande fattigdom.
  • Framgangen på tusenårserklæringa om "å gjere fattigdom til ein ting frå fortida".
  • Om kampen mot fattigdom bør overlatas til dei frie marketskreftane
  • Empirisk evaluering av kva slags politikk som verkar.
  • Institusjonsbygginga si rolle i kampen mot fattigdom.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har brei kunnskap om fattigdom
  • har ei overordna forståing av teoriar om årsaker til vedvarande fattigdom, som for eksempel:

- fattigdomsfella

- korleis fråvær av ein marknad for kreditt, forsikring og sparing fører til manglande investeringar

- korleis svake institusjonar fører til ineffektiv politikk

  • kan gjere greie for grunnleggjande moderne metodar for evaluering av politiske tiltak mot fattigdom.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan berekna numerisk og framstille grafisk ulike mål på fattigdom, ulikhet og menneskeleg utvikling
  • kan forklare ulike fattigdomsrelaterte utfall ved hjelp av gjennomgåtte modellar

Generell kompetanse

Studenten kan forstå og kritisk vurdere relevant faglitteratur

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

ECON110, ECON130 og ECON140

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesningar og seminar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei obligatorisk innlevering som må vere godkjend for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Obligatorisk oppgåve og arbeidskrav er gyldig i inneverande og dei tre følgjande semestra.

Vurderingsformer

4 timar skriftleg eksamen

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Vår

Emneevaluering

Alle emne ved Institutt for økonomi vert evaluert kvart undervisningssemester.

Eksamensinformasjon