Velferdsstatens økonomi
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
Emnet tilbys av
| Studiepoeng | 10 |
| Undervisningssemester | Uregelmessig |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Norsk
Læringsutbyte
Studenten skal ha tileigna seg kunnskap om kva vi meiner med ein velferdsstat. Studenten skal ha oppnådd innsikt i korleis vi kan bruke økonomisk metode til å analysere velferdsstaten. Vidare skal studenten kunne gjera greie for ulike former for marknadssvikt, som asymmetrisk informasjon, samt forstå grunngjevinga for ein stor offentleg sektor i moderne økonomiar. Studenten skal ha oversikt over ulike sosialforsikringsordningar og forstå kvifor denne typen ordningar fungerer dårlig i ein marknad utan innblanding frå det offentlege. Studenten skal kunne vurdere ulike trygdeordningar basert på økonomisk teori, samt vere i stand til å bidra med konstruktive forslag og innspel i den offentlege debatten omkring reformforslag i velferdsstaten, både i forhold til trygdeordningar og utfordringar i helsesektoren.
Kontaktinformasjon
Institutt for økonomi
E-post: studieveileder@econ.uib.no
Tlf: 55 58 92 26
Undervisningssemester
Uregelmessig
Undervisningsspråk
Norsk
Mål og innhald
Målet med kurset er å gi ei forståing av offentleg inngrep i økonomien.
Marknadssvikt og fordelingsomsyn er årsaker til at offentleg sektor har ei dominerande rolle i moderne økonomiar. Kurset gir ei teoretisk drøfting til offentlege inngrep i økonomien. Offentlege overføringar av fleire slag blir diskutert. Dette gjeld direkte inntektsoverføringar, eller ulike former for sosialforsikring som krev premieinnbetalingar på førehand. Kurset vil også diskutera problemstillingar knytt til helse- og utdanningssektoren. Den teoretiske drøftinga av offentlege styringsproblem vil bli illustrert med døme frå norsk politikk. Kurset vil også innehalde døme på korleis kostnadsnytteanalyse vert nytta som underlag for offentlege avgjerder/vedtak.
Læringsutbyte/resultat
Studenten skal ha tileigna seg kunnskap om kva vi meiner med ein velferdsstat. Studenten skal ha oppnådd innsikt i korleis vi kan bruke økonomisk metode til å analysere velferdsstaten. Vidare skal studenten kunne gjera greie for ulike former for marknadssvikt, som asymmetrisk informasjon, samt forstå grunngjevinga for ein stor offentleg sektor i moderne økonomiar. Studenten skal ha oversikt over ulike sosialforsikringsordningar og forstå kvifor denne typen ordningar fungerer dårlig i ein marknad utan innblanding frå det offentlege. Studenten skal kunne vurdere ulike trygdeordningar basert på økonomisk teori, samt vere i stand til å bidra med konstruktive forslag og innspel i den offentlege debatten omkring reformforslag i velferdsstaten, både i forhold til trygdeordningar og utfordringar i helsesektoren.
Tilrådde forkunnskapar
Undervisning og omfang
Forelesingar. Seminarundervising.
Obligatoriske arbeidskrav
Godkjent innleveringsoppgåve. Obligatorisk oppgåve og arbeidskrav er gyldig i inneverande og dei tre følgjande semestera.
Vurderingsformer
4 timar skriftleg eksamen.
Tillatne hjelpemiddel til eksamen:
Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck, formelsamling i matematikk av Utdanningsdirektoratet og kalkulator. Kun følgjande enkle, ikkje-programmerbare
kalkulatorar utan grafisk display vert tillete brukt ved skriftlege prøvar:
Alle modellar av typane:
- Casio FX-82
- Hewlett-Packard HP30
- Texas instruments TI-30
Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.
Emneevaluering
Alle emner ved Institutt for økonomi vert evaluert kvart undervisningssemester.
Kontaktinformasjon
Institutt for økonomi
E-post: studieveileder@econ.uib.no
Tlf: 55 58 92 26