Makroøkonomi II
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
Emnet tilbys av
| Studiepoeng | 10 |
| Undervisningssemester | Haust |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Norsk
Krav til forkunnskapar
Ingen
Læringsutbyte
Studenten skal sitte igjen med eit grunnlag for vurdering av korleis styresmaktene kan legge opp den økonomiske politikken for å sikre gjennomføring av sentrale makroøkonomiske målsettingar som sysselsetting, inflasjon og økonomisk vekst. Når det gjeld finanspolitikk skal studenten spesielt kunne gjere greie for kort- og langsiktige verknader av innfasing av oljepengar i norsk økonomi, og kunne drøfte utfordringar knytt til gjeldsoppbygging og befolkningsaldring. Vidare skal studenten ha innsikt i sentrale pengepolitiske mål og verkemiddel, og kunne analysere kva som vil skje med pengepolitikken når eit land som styrer etter eit inflasjonsmål blir utsett for ulike typar sjokk. Studenten skal også kunne drøfte fordelar og ulemper med at to land har felles valuta. Studenten skal ha innsikt i kjelder til økonomisk vekst, og ha tilstrekkelege kunnskapar til å gjennomføre eit vekstrekneskap.
Kontaktinformasjon
Institutt for økonomi
E-post: studieveileder@econ.uib.no
Tlf: 55 58 92 26
Undervisningssemester
Haust
Eksamenssemester
Haust/vår
Undervisningsspråk
Norsk
Studienivå
Bachelor
Mål og innhald
Målet er å gi eit grunnlag for vurdering av styresmaktene sine høve til å sikre gjennomføring av sentrale makroøkonomiske målsetjingar som sysselsetting, inflasjon og økonomisk vekst.
Det vert lagt vekt på utdjupande analyse av økonomisk politikk, m.a. på å få fram at tradisjonell etterspørsleregulerande politikk ofte må supplerast med tiltak retta mot tilbodssida i økonomien. Kurset har også det formål å gjere studentane kjende med den aktuelle økonomiske situasjon i Noreg. I denne samanheng vert det gitt ei innføring i norske planleggingsmodellar og Nasjonalbudsjettet.
Læringsutbyte/resultat
Studenten skal sitte igjen med eit grunnlag for vurdering av korleis styresmaktene kan legge opp den økonomiske politikken for å sikre gjennomføring av sentrale makroøkonomiske målsettingar som sysselsetting, inflasjon og økonomisk vekst. Når det gjeld finanspolitikk skal studenten spesielt kunne gjere greie for kort- og langsiktige verknader av innfasing av oljepengar i norsk økonomi, og kunne drøfte utfordringar knytt til gjeldsoppbygging og befolkningsaldring. Vidare skal studenten ha innsikt i sentrale pengepolitiske mål og verkemiddel, og kunne analysere kva som vil skje med pengepolitikken når eit land som styrer etter eit inflasjonsmål blir utsett for ulike typar sjokk. Studenten skal også kunne drøfte fordelar og ulemper med at to land har felles valuta. Studenten skal ha innsikt i kjelder til økonomisk vekst, og ha tilstrekkelege kunnskapar til å gjennomføre eit vekstrekneskap.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Undervisning og omfang
Førelesingar. Seminarundervisning.
Obligatoriske arbeidskrav
Ei obligatorisk innlevering som må vere godkjend for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Studentar på profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi må delta på obligatoriske seminar og levere to obligatoriske oppgåver som må vere bestått for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Obligatorisk oppgåve og arbeidskrav er gyldig i inneverande og dei tre følgjande semestera.
Vurderingsformer
4 timar skriftleg eksamen.
Tillatne hjelpemiddel til eksamen:
Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck, formelsamling i matematikk av Utdanningsdirektoratet og kalkulator. Berre følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillete brukt ved skriftlege prøvar:
Alle modellar av typane:
- Casio FX-82
- Hewlett-Packard HP30
- Texas instruments TI-30
Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.
Karakterskala
Karakterskala A-F
Emneevaluering
Alle emner ved Institutt for økonomi vert evaluert kvart undervisningssemester.
Kontaktinformasjon
Institutt for økonomi
E-post: studieveileder@econ.uib.no
Tlf: 55 58 92 26