Gå til innhold
English A A A
Emne ECON240

Statistikk og økonometri

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 10
Undervisningssemester Haust
Fagleg overlapp

STAT110: 4 sp

STAT111: 3 sp

STAT200: 3 sp

Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Undervisningsspråk

Norsk

Krav til forkunnskapar

Ingen

Læringsutbyte

I økonometrifaget blir det brukt statistiske analysemetodar for å belyse økonomiske problemstillingar. ECON240 er eit innføringskurs i statistikk og økonometri som skal gjere studenten kjend med statistiske grunnomgrep og prinsipp som utgjer basisen for økonometriske analyser, og vidare sette studenten i stand til å gjennomføre og tolke resultat frå enkel regresjonsanalyse.

Gjennom kurset skal studenten få innsikt i, og oppøve ferdigheiter i enkel sannsynsrekning, få kunnskap om eit utval sannsynsfordelingar og lære seg å utføre hypotesetestar om ukjende populasjonsparameter. Vidare skal kurset gi studenten innsikt i statistiske grunnprinsipp som dannar grunnlag for å trekke slutningar om samanhenger i ein populasjon basert på observerte data frå representative utval. Studenten skal opparbeide kunnskap om enkel regresjonsanalyse ved hjelp av minste kvadrats metode og settast i stand til å gjennomføre og tolke resultat frå ei slik analyse ved hjelp av statistikkprogrammet STATA.

Kontaktinformasjon

Institutt for økonomi

E-post: studieveileder@econ.uib.no

Tlf: 55 58 92 26

Undervisningssemester

Haust

Eksamenssemester

Haust/vår

Undervisningsspråk

Norsk

Studienivå

Bachelor

Mål og innhald

Emnet skal gi den nødvendige bakgrunn i sannsynsrekning, statistikk og økonometri som trengs for å gjere studentane metodologisk i stand til å møte dei krav som stillast i kurs vidare på studiet. I tillegg kan kurset tene som ei inspirasjon for studentane til å velje empiriske/økonometriske tema på bacheloroppgåva. Vidare skal kurset gjere studentane fortrulege med bruk av PC til statistiske oppgåver.

Emnet dekker grunnleggjande statistikk med særleg vekt på enkel regresjon. Det vert også gitt ei innføring i bruk av statistikkpakken Stata for PC. Kurset tar opp emne innan sannsynsrekning som sannsynsmodellar, diskrete og stokastiske variablar og fordelingar, men legg hovudvekt på emne innan statistisk analyse, som estimering, hypotesetesting og regresjon.

Læringsutbyte/resultat

I økonometrifaget blir det brukt statistiske analysemetodar for å belyse økonomiske problemstillingar. ECON240 er eit innføringskurs i statistikk og økonometri som skal gjere studenten kjend med statistiske grunnomgrep og prinsipp som utgjer basisen for økonometriske analyser, og vidare sette studenten i stand til å gjennomføre og tolke resultat frå enkel regresjonsanalyse.

Gjennom kurset skal studenten få innsikt i, og oppøve ferdigheiter i enkel sannsynsrekning, få kunnskap om eit utval sannsynsfordelingar og lære seg å utføre hypotesetestar om ukjende populasjonsparameter. Vidare skal kurset gi studenten innsikt i statistiske grunnprinsipp som dannar grunnlag for å trekke slutningar om samanhenger i ein populasjon basert på observerte data frå representative utval. Studenten skal opparbeide kunnskap om enkel regresjonsanalyse ved hjelp av minste kvadrats metode og settast i stand til å gjennomføre og tolke resultat frå ei slik analyse ved hjelp av statistikkprogrammet STATA.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

ECON140, MAT101

Fagleg overlapp

STAT110: 4 sp

STAT111: 3 sp

STAT200: 3 sp

Undervisning og omfang

Førelesingar. Seminarundervisning.

Obligatoriske arbeidskrav

2 PC-lab-samlingar, 2 oppgåveinnleveringar.

Obligatorisk oppgåve og arbeidskrav er gyldig i inneverande og dei tre påfølgjande semestra.

Vurderingsformer

4 timar skriftleg eksamen.

Tillatne hjelpemiddel til eksamen:

Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck, formelsamling i matematikk av Utdanningsdirektoratet og kalkulator. Berre følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillete brukt ved skriftlege prøvar:

Alle modellar av typane:

- Casio FX-82

- Hewlett-Packard HP30

- Texas instruments TI-30

Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Emneevaluering

Alle emner ved Institutt for økonomi vert evaluert kvart undervisningssemester.

Kontaktinformasjon

Institutt for økonomi

E-post: studieveileder@econ.uib.no

Tlf: 55 58 92 26