Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Næringsøkonomi og konkurransepolitikk

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Ujamt

Mål og innhald

Føremålet med kurset er å gi studentene ei generell innføring i næringsøkonomisk teori og konkurransepolitikk.

Kurset tek for seg grunnleggjande monopolteori og teori for konkurranse i marknader med få aktørar ¿oligopolmarknader. Studentane vil også få ei innføring i spelteori for å kunne analysere statiske og dynamiske spel. Utvalde delar av moderne konkurransepolitikk vil bli gjennomgått.

Eit sentralt tema i kurset er marknadsmakt og korleis denne påverkar samfunnet og konsumentene. Kva skjer med velferda når ein monopolist tek ulike prisar frå ulike kundar/ ulike marknader (prisdiskriminering), og kva insentiv har monopolisten til å tilby produkter av god kvalitet?  Kurset vil også gjennom ulike modellar for konkurranse og derunder studere korleis førstetrekksfordeler påverkar både konkurransen og etableringsmoglegheiter i marknadene. Vi vil også se på kva moglegheiter bedriftar har til å få i stand prissamarbeid og kva konsekvensar dette vil ha for samfunnet og kundane.

Kurset vil også gjennomgå enkelte utvalde konkurransepolitiske tema som fusjonar, og vertikale avtalar.

Læringsutbyte

En kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgende totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten...

  • Forstår omgrepet marknadsmakt og kva skadeverkingar dette har for samfunnet og konsumentane, samt kva insentiv bedrifter med marknadsmakt har.
  • Har grunnleggjande kjennskap til konkurransepolitikk og konkurransepolitiske verkemiddel.

 

Ferdigheiter

Kandidaten...

  • Kan nytte grunnleggjande spelteori for statiske og dynamiske spel til å studere strategiske situasjonar.
  • Kan nytte grunnleggjande oligopolteori til å analysere strategisk interaksjon i marknader med imperfekt konkurranse.
  • Kan drøfte korleis fusjonar, kartell og vertikale avtalar påverkar samfunnsøkonomisk effektivitet og velferd.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

ECON140, ECON110

Studiepoengsreduksjon

Fullt overlapp med ECON160

Arbeids- og undervisningsformer

18 forelesingar. Seminarundervisning.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjent innleveringsoppgåve på 3-4 A4 sidar.

Obligatorisk oppgåve og arbeidskrav er gyldig i inneverande og dei tre følgjande semestera.

Vurderingsformer

4 timers skuleeksamen.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Same som undervisningssemester

Emneevaluering

Alle emner ved Institutt for økonomi vert evaluert kvart undervisningssemester.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for økonomi

E-post: studieveileder@econ.uib.no

Tlf: 55 58 92 26

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Skuleeksamen (Ny eksamen)

    Dato
    14.09.2017, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    31.08.2017