Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Investering og finansiering I

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Uregelrett emne

Mål og innhald

Å gi ei god forståing av finansielle forhold - og kunne rekne ut verdiar av investeringar.

Kurset gir ei innføring i finansteori, i hovudsak frå eit føretaksøkonomisk synspunkt. Tema er verdsetting av realinvesteringar og verdipapir, både under full visse og under uvisse.

Læringsutbyte

Ein kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgjande totale læringsutbyte, definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten kan...

  • til korleis finansmarknad verkar
  • korleis ein tar omsyn til risiko
  • dei viktigaste formene for verdipapir
  • grunntrekka i det norske kapitalskattesystemet og korleis dette påverkar verdsetting
  • til kva ein meiner med ein effektiv marknad
  • grensene for teorien, inkludert nokre hovudresultat i åtferdsorientert finans

 

Ferdigheiter

Kandidaten kan...

  • foreta enkle investeringsanalyser for føretak, inkludert risikojustering
  • finne enkle optimale porteføljar for investorar

Generell kompetanse

Kandidaten er blitt betre til å...

  • følgje detaljert argumentasjon
  • kunne skjelne mellom god og dårlig argumentasjon

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

ECON110, ECON140.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar og seminarundervisning.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei obligatorisk innlevering som må vere godkjend for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Obligatorisk oppgåve og arbeidskrav er gyldig i inneverande og dei tre følgjande semestera.

Vurderingsformer

4 timars skuleeksamen.

Tillatne hjelpemiddel til eksamen:

Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck, formelsamling i matematikk av Utdanningsdirektoratet og kalkulator. Berre følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillete brukt ved skriftlege prøvar:

Alle modellar av typane:

- Casio FX-82

- Hewlett-Packard HP30

- Texas instruments TI-30

Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Eksamen tilbys kun i undervisningssemesteret

Emneevaluering

Alle emner ved Institutt for økonomi vert evaluert kvart undervisningssemester.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for økonomi

E-post: studieveileder@econ.uib.no

Tlf: 55 58 92 26

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Skoleeksamen

    Dato
    11.12.2017, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    27.11.2017