Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Bacheloroppgave

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust/vår

Mål og innhald

Målsetjinga med oppgåva er at studentane skal kunne gjennomføre ei sjølvstendig drøfting og analyse av ei samfunnsøkonomisk problemstilling ved hjelp av den "verktykassa" dei har tileigna seg gjennom bachelorstudiet.

Emnet består av ei generell innføring i skriving av ei bacheloroppgåve i tillegg til ei sjølvvalt økonomisk problemstilling/prosjektskildring som skal resultere i den ferdige oppgåva. Oppgåva skal ta utgangspunkt i eit tema som skal drøftas ut frå eit teoretisk perspektiv, tidlegare forsking eller ved ei empirisk analyse av kvantitative data. Institutt for økonomi bidrar med ei liste med forslag til tema og problemstillingar.

Læringsutbyte

Ein kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgjande totale læringsutbyte, definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten¿

  • kan anvende teori og empiri til å forstå samfunnsøkonomiske problemstillingar
  • har kjennskap til vitskapeleg skriving og kjeldebruk

Ferdigheiter

Kandidaten...

  • kan formulere, drøfte og analysere en samfunnsøkonomisk problemstilling
  • kan skrive en klar og strukturert oppgåve
  • kan innhente passande litteratur

Kompetanse

Kandidaten...

  • mestre skriftleg og munnleg presentasjon av eige arbeid
  • kan drøfte andre sitt arbeid kritisk

Krav til forkunnskapar

ECON110, 130, 140, 210, 230 og 240.

Arbeids- og undervisningsformer

Felles informasjonsmøte og bachelorseminar ved semesterstart.

Det er mogleg å gjennomføre ECON290 på to forskjellige måtar:

  • med rettleiing og munnleg presentasjon (versjon A) og
  • utan rettleiing og munnleg presentasjon (versjon B).

Begge versjonane er opne for alle studentar på kurset, men versjon A er tilrådd av Institutt for økonomi.

  • Versjon A: Gruppemøte 1 (3 timar), individuell rettleiing (30 minutt), gruppemøte 2 med presentasjon og opposisjon (4 timar).
  • Versjon B: Inga rettleiing. Versjon B er basert utelukkande på sjølvsstudium.

Studentane kan ikkje skifte bachelorversjon etter at første gruppemøte er heldt.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Versjon A: Godkjend prosjektskildring og deltaking på 1. gruppesamling. Godkjend førsteutkast og deltaking på individuell rettleiing. Godkjend utkast til og deltaking på 2. gruppesamling. Merk at det berre vil bli gitt ein sjanse til å levere inn og få godkjend kvart av dei obligatoriske krava.
  • Versjon B: Ingen obligatoriske arbeidskrav.

Vurderingsformer

  • Versjon A: Mappevurdering. Samla vurdering av bacheloroppgåva (70%) og deltaking (30%).
  • Versjon B: Vurdering av bacheloroppgåva.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Haust/vår

Emneevaluering

Alle emner ved Institutt for økonomi vert evaluert kvart undervisningssemester.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for økonomi

E-post: studieveileder@econ.uib.no

Tlf: 55 58 92 26

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Bacheloroppgåve uten rettleiing og undervisning (versjon B)

    Innleveringsfrist
    01.12.2017, 12:00
    Trekkfrist
    17.11.2017
  • Vurderingsordning: Bacheloroppgåve og munnleg (versjon A)

    Innleveringsfrist
    01.12.2017, 12:00
    Trekkfrist
    17.11.2017
    • Eksamensdel: Bacheloroppgave

      Innleveringsfrist
      01.12.2017, 12:00
    • Eksamensdel: Muntlig