Hjem

Utdanning

Masteremne

Mikroøkonomisk analyse

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Målet med kurset er å gi studentane trening i bruk av matematiske metodar og innsikt i mikroøkonomiske problemstillingar.

Kurset startar med å gi ei fordjuping innan produksjons- og konsumteori, samt nokre eksempel på å laga likevektsmodeller. Videre vert det undervist i spelteori og oligopolteori. Det gis ei innføring i optimering under uvisse. Til slutt vert det gjennomgått nokre moderne problemstillingar knytt til asymmetrisk informasjon og ufullstendige kontrakter.

Læringsutbyte

Ein kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgjande totale læringsutbyte, definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten...

  • kan vise forståing for sentrale omgrep innan mikroøkonomien, som nytte- og profittmaksimering, kostnadsminimering, konsument- og produsentoverskudd, forskjellige typar likevekt, risikoaversjon og asymmetrisk informasjon.

Ferdigheiter

Kandidaten...

  • kan nytte matematiske metodar på mikroøkonomisk teori.
  • kan løyse til dels nye, avanserte oppgåver innan mikroøkonomi ved hjelp av metodane som er gjennomgått på kurset.

Kompetanse

Kandidaten...

  • kan nytte både omgrep og metodar til å løyse oppgåver som spenner utanfor dei tema som vert tatt opp på kurset.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar. Seminarundervisning.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er én obligatorisk oppgave i ECON 310. Oppgaven kan besvares på to måter:

1. Studenten stiller på oppgitt tidspunkt og sted, mottar en oppgave og skriver en besvarelse på stedet, uten hjelpemidler. Det blir stilt 1t. og 45 min. til rådighet. For å bestå må man ha 18% rett.

2. Utvidet hjemmeoppgave. For å bestå må man ha 50% rett.

Dersom man ikke består får man én mulighet til. I tilfelle 1 må man da levere utvidet oppgave som for tilfelle 2, med krav til godkjenning på 50%. I tilfelle 2 får studentene mulighet til å forbedre sin oppgave, under samme krav som før.

Obligatorisk oppgåve og arbeidskrav er gyldig i inneverande og dei tre følgjande semestera.

Vurderingsformer

4 timar skriftleg eksamen.

Tillatne hjelpemiddel til eksamen:

Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck, formelsamling i matematikk av Utdanningsdirektoratet og kalkulator. Berre følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillete brukt ved skriftlege prøvar:

Alle modellar av typane:

  • Casio FX-82
  • Hewlett-Packard HP30
  • Texas instruments TI-30

Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Haust

Emneevaluering

Alle emner ved Institutt for økonomi vert evaluert kvart undervisningssemester.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for økonomi

E-post: studieveileder@econ.uib.no

Tlf: 55 58 92 26

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Skoleeksamen

    Dato
    15.12.2017, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    01.12.2017