Hjem
Click

Utdanning

Masteremne

Natural Resource and Environmental Economics

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeECON316
  • Talet på semester1
  • Språk

    Engelsk eller norsk

  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Uregelmessig (haust)

Mål og innhald

Formålet med kurset er å gi ein gjennomgang av miljøøkonomisk teori og økonomisk teori for utnytting av naturressursar.

Den delen av kurset som tar for seg miljøøkonomi vil omfatte følgjande tema: marknadssvikt og forureining, ulike verkemiddel mot forureining (avgifter, standardar, omsettelege kvotar, forhandlingar), verkemiddelbruk under visse og uvisse, opsjonar og irreversibilitet.

Den ressursøkonomiske delen av kurset vil omfatte økonomisk teori for hausting og forvaltning av fornybare og ikkje-fornybare ressursar. Kurset tar for seg tilpassing under ulike kostnadsforhold, ulike marknadsformer og uvisse. Kurset vil også ta opp problemstillingar i høve til regulering og bruk av naturressursar.

Læringsutbyte

Ein kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgjande totale læringsutbyte, definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten...

  • har god kunnskap om ulike typar marknadssvikt på miljø-, klima- og naturressursområdet.
  • har god kunnskap om omgrepa «flow and stock pollutants» og for kva for nokre prinsipp som gjeld for optimal handtering av desse sett frå samfunnets synsstad..
  • har god kunnskap om prinsipp for samfunnsøkonomisk optimal utvinning av ikkje-fornybare og fornybare ressursar.
  • har god kunnskap om utvinning av ikkje-fornybare ressursar under ulike marknadsformer.
  • har god kunnskap om måling av ressursknapphet.

Ferdigheiter

Kandidaten...

  • kan analysere økonomiske problem knytt til bruk av naturressursar, herunder klimaproblemet.

Kompetanse

Kandidaten...

  • har kompetanse til å inngå i utrednings- og analysearbeid i offentlige institusjonar og i større ikkje-offentlige verksemder på miljø- og naturressursområdet.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei obligatorisk innlevering (prosjektskisse) som må vere bestått for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Denne innleveringa er gyldig i eksamenssemesteret og dei tre følgjande semestra.

Vurderingsformer

Ein heimeeksamen med munnleg presentasjon som til saman tel 30%, og ein 4 timar skriftleg skuleeksamen som tel 70%.

Tillatne hjelpemiddel til eksamen:

Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck, formelsamling i matematikk av Utdanningsdirektoratet og kalkulator. Berre følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillete brukt ved skriftlege prøvar:

Alle modellar av typane:

- Casio FX-82

- Hewlett-Packard HP30

- Texas instruments TI-30

Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Eksamen tilbys kun i undervisningssemesteret

Emneevaluering

Evaluering av førelesingar vert gjennomført i løpet av semesteret

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for økonomi:

epost: post@econ.uib.no