Hjem

Utdanning

Masteremne

Public Economics

Undervisningssemester

Uregelmessig (vår)

Mål og innhald

Offentleg økonomi er eit vidt emne som i prinsippet famner om dei fleste økonomiske

aspekt ved offentleg verksemd. Ein skil ofte mellom:

1.Offentlege inntekter (skattar og avgifter).

2.Offentlege utgifter.

3.Offentlege føretak.

4.Offentlege kvantitative reguleringar.

5.Offentlege avgjerdsprosessar.

Vidare kan ein vere interessert i (deskriptivt) å analysere veknadene av forskjellige

endringar av offentleg politikk eller rammevilkår, eller ein kan (normativt) vere

interessert i å finne ut korleis offentleg politikk på eit område bør vere.

Kurset er i hovedsak innretta mot ein normativ analyse av punkt 1 og 3, dvs. å finne ut korleis skattesystemet bør vere og korleis offentlege føretak bør sette prisar, og kva for normative kriterie ein bør leggje til grunn for slike avgjerder.

Læringsutbyte

En kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgende totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

  • forstår det normative grunnlaget for offentlige institusjonar.
  • forstår prinsippa bak eit godt skattesystem, både for individ og føretak.
  • har oversikt over gode og dårlege sider ved det norske skattesystemet.

Ferdigheiter

Kandidaten kan

  • anvende teorien på aktuelle spørsmål.
  • formidle dei grunnleggande innsiktene frå modellane på ein intuitiv måte.

Generell kompetanse

Kandidaten er blitt betre til å

  • følgje detaljert argumentasjon
  • kunne skjelne mellom god og dårlig argumentasjon

Tilrådde forkunnskapar

ECON 310

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesingar.

Vurderingsformer

4 timar skriftleg eksamen.

Tillatne hjelpemiddel til eksamen:

Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck, formelsamling i matematikk av Utdanningsdirektoratet og kalkulator. Kun følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillete brukt ved skriftlege prøvar:

Alle modellar av typane:

- Casio FX-82

- Hewlett-Packard HP30

- Texas instruments TI-30

Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.

Vurderingssemester

Samme som undervisningssemester

Emneevaluering

Evaluering av seminar og forelesing vert gjennomført i løpet av semesteret

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for økonomi:

epost: post@econ.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Skoleeksamen

    Dato
    21.11.2017, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    07.11.2017