Gå til innhold
English A A A
Emne ECON327

Spillteori

Undervisningsperiode :

Aktuelle studieprogram

Studiepoeng 10
Undervisningssemester Uregelmessig. Det vil vere undervisning i emnet hausten 2010.
Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Undervisningsspråk

Norsk eller engelsk

Læringsutbyte

Kurset i spelteori skal gi god kjennskap til modellering, analyse og problem knytt til interaksjon mellom fleire aktørar. Kurset skal gjere studenten fortruleg med:

  • sentrale døme
  • viktige etappar i faget sin utvikling
  • grunnleggjande omgrep innan modellering og analyse av ikkje-kooperative spel på strategisk form
  • kva som ligg i omgrepet strategi
  • modellering og representasjon av same type spel i utstrekt form
  • krav som sikrar eksistens av Nash likevekt
  • samband til teori for evolusjon
  • kjennskap til kjerneløysing i kooperative spel

Kontaktinformasjon

Institutt for økonomi

E-post: studieveileder@econ.uib.no

Tlf: 55 58 92 26

Undervisningssemester

Uregelmessig. Det vil vere undervisning i emnet hausten 2010.

Eksamenssemester

Haust/vår

Undervisningsspråk

Norsk eller engelsk

Studienivå

Master

Mål og innhald

Spelteori prøver å forstå observerte fenomen når fleire aktørar påverkar kvarandre.

Den grunnleggjande hypotesen er, som elles innanfor økonomifaget, at kvar deltakar søkjer veldefinerte mål (instrumentell rasjonalitet) og tar samstundes omsyn til kunnskap og forventingar om andre sine val. Teorien er ein grunnstein for moderne sosial analyse. Den er nokså abstrakt og kan derfor brukas i studiet av svært mange fenomen.

Læringsutbyte/resultat

Kurset i spelteori skal gi god kjennskap til modellering, analyse og problem knytt til interaksjon mellom fleire aktørar. Kurset skal gjere studenten fortruleg med:

  • sentrale døme
  • viktige etappar i faget sin utvikling
  • grunnleggjande omgrep innan modellering og analyse av ikkje-kooperative spel på strategisk form
  • kva som ligg i omgrepet strategi
  • modellering og representasjon av same type spel i utstrekt form
  • krav som sikrar eksistens av Nash likevekt
  • samband til teori for evolusjon
  • kjennskap til kjerneløysing i kooperative spel

Undervisning og omfang

Førelesingar.

Obligatoriske arbeidskrav

Godkjent innleveringsoppgåve.

Obligatorisk oppgåve og arbeidskrav er gyldig i inneverande og dei tre følgjande semestera.

Vurderingsformer

4 timar skriftleg eksamen.

Tillatne hjelpemiddel til eksamen:

Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck, formelsamling i matematikk av Utdanningsdirektoratet og kalkulator. Berre følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillete brukt ved skriftlege prøvar:

Alle modellar av typane:

- Casio FX-82

- Hewlett-Packard HP30

- Texas instruments TI-30

Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Emneevaluering

Alle emner ved Institutt for økonomi vert evaluert kvart undervisningssemester.

Kontaktinformasjon

Institutt for økonomi

E-post: studieveileder@econ.uib.no

Tlf: 55 58 92 26