Hjem

Utdanning

Masteremne

Anvendt arbeidsmarkedsøkonomi

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Uregelmessig

Mål og innhald

Å gi studentane ei elementær innføring i sentrale deler av arbeidsmarknadsteorien, med vekt på korleis teorien kan tillempast for empirisk analyse.

Kurset gir ein gjennomgang av sentrale element i feltet arbeidsmarknadsøkonomi, med gjennomgang av teori for mellom anna arbeidsmarknadsdeltaking, arbeidstilbod og lønnsdanning. Det blir lagt vekt på å vise empiriske tillempingar av dei teoriane som blir gjennomgått, så som trygdesystemet sine verknader på arbeidsmarknadsdeltaking og arbeidstilbod, samanhengar mellom utdanning og arbeid/produktivitet m.m. Empirisk implementering blir handsama, mellom anna gjennomgang av datakjelder, måleproblem, økonometrisk spesifikasjon og identifikasjon.

Læringsutbyte

Ein kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgjande totale læringsutbyte, definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten...

  • Kan gjere greie for sentral økonomisk teori om tilbod- og etterspurnad etter arbeidskraft, lønnsdanning og arbeidsløyse.
  • Kan gjere greie for sentrale trekk ved det norske arbeidsmarknaden, og beskrive korleis ulike institusjonelle forhold, som til dømes trygde- og utdanningssystemet påverkar arbeidsmarknaden.

Ferdigheiter

Kandidaten...

  • Kan med grunnlag i økonomisk teori og empiriske funn, drøfte korleis utvalde arbeidsmarknadsrelevante politikktiltak påverkar lønnsdanning, sysselsetjing og inntektsfordeling.
  • Kan drøfte metodiske utfordringar knytt til måleproblem, modellspesifikasjon og identifikasjon i empiriske analyser av utvalde problemstillingar innanfor arbeidsmarknadsøkonomi.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

ECON340. For dei som ikkje har eksamen i ECON340, vil det bli tilbydd ei kort leseliste for sjølvstudium i nokre utvalde emne i økonometri.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesing

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk oppmøte på første oppgåvepresentasjon

Vurderingsformer

2 semesteroppgåver og 1 oppgåvepresentasjon. Det gis en samlet karakter.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Fagleg overlapp

Ingen

Vurderingssemester

Samme semester som undervisning

Emneevaluering

Alle emner ved Institutt for økonomi vert evaluert kvart undervisningssemester.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for økonomi

E-post: studieveileder@econ.uib.no

Tlf: 55 58 92 26

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: 2 semesteroppgåver og 1 oppgåvepresentasjon

    Innleveringsfrist
    04.12.2017, 12:00
    Trekkfrist
    20.11.2017