Hjem

Utdanning

Masteremne

Makroøkonomisk analyse

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Kurset har som mål å gi studentane innsikt i sentrale delar av moderne makroøkonomisk teori, samt å øve opp evnene deira til å gjere sjølvstendige og kritiske vurderingar av kor godt teoriane kaster lys over empiriske funn.

Makroøkonomien prøver å svare på sentrale samfunnsspørsmål. Kvifor er det så stor forskjell mellom fattige og rike land, og korleis kan eventuelle ulikskapar jamnast ut eller gjerast mindre? Kva er årsaka til store svingingar i økonomien? Kvifor finst det arbeidsløyse? Korleis blir inflasjon skapt? Kva for høve til styring har offentlege styringsmakter og kva for styringsinstrument er mest effektive?

Gjennom faget skal studentane lære å gjere bruk av ulike modellar til å analysere og forstå ulike fenomen i økonomien. Dei ulike modellane er konstruert for å analysere avgrensa problemstillingar. Dette gjer at faget kan verke noko fragmentert. I alle høve er dei ulike modellane nødvendige for å få ei djupare forståing av faget.

Læringsutbyte

En kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgende totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:

Kunnskap

Du lærer

  • Klassisk (Solow) og moderne (endogen) vekstteori
  • Tradisjonell Keynesiansk og ny-keynesiansk teori
  • Teoriar for konsum, sparing, investering og offentlig gjeld
  • Realkonjunkturteori

Ferdigheter

Du skal kunne

  • Bruke teoriane du har lært til å gjere greie for faktorar som med på å bestemme økonomisk vekst
  • Bruke teoriane du har lært til å gjere greie for faktorar som bestemmer aggregert etterspurnad i økonomien, og gjere greie for korleis styresmaktene kan påverke denne gjennom ein aktiv rente og finanspolitikk
  • Bruke teoriane du har lært til å diskutere korleis og i kva grad og styresmaktene kan jamne ut svingingar i inflasjon og produksjon
  • Bruke teoriane du har lært til å gjere greie for faktorar som er med på å bestemme nivået av konsum, sparing og investering, og diskutere i kva grad styresmaktene kan påverke desse

Kompetanse

Du skal

  • Vere I stand til å lese og forstå rapportar og akademisk arbeid som brukar eller byggjer på ideane, teoriane og metodane som blir introdusert i dette kurset
  • Vere i stand til å bruke ideane, teoriane og metodane som blir introdusert i dette kurset, i ditt eige akademiske arbeid, for eksempel i arbeidet med masteroppgåva

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar. Seminarundervisning.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei godkjent innleveringsoppgåve. I godkjenninga kan både skriftleg og munnleg presentasjon inngå.

Obligatorisk oppgåve og arbeidskrav er gyldig i inneverande og dei tre følgjande semestera.

Vurderingsformer

4 timar skriftleg eksamen.

Tillatne hjelpemiddel til eksamen:

Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck, formelsamling i matematikk av Utdanningsdirektoratet og kalkulator. Berre følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillete brukt ved skriftlege prøvar:

Alle modellar av typane:

- Casio FX-82

- Hewlett-Packard HP30

- Texas instruments TI-30

Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Haust

Emneevaluering

Alle emner ved Institutt for økonomi vert evaluert kvart undervisningssemester.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for økonomi

E-post: studieveileder@econ.uib.no

Tlf: 55 58 92 26

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Skoleeksamen

    Dato
    07.12.2017, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    23.11.2017