Hjem

Utdanning

Masteremne

Økonometri I

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Formålet med kurset er å gi ei fyrste innføring i økonometri og er eit nødvendig utgangspunkt for empirisk arbeid.

Økonometri bruker statistiske metodar på økonomiske problemstillingar.

Hovudtema på kurset er lineære regresjonsmodellar. Det vert fokusert spesielt på at økonomiske data stort sett er ikkje-eksperimentelle, og kva for konsekvensar dette har for konklusjonane det er mogleg å trekkje. Både teoribakgrunn og praktiske døme blir gjennomgått. Kurset vil også gi ei innføring i bruk av økonometrisk programvare.

Læringsutbyte

Ein kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgjande totale læringsutbyte, definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

  • Kunne gjennomføre analyser av økonomiske data basert på godt kjennskap til den lineære regresjonsmodellen
  • Forståing for kausalitetsbegrepet i en empirisk samanheng
  • Grunnleggande kunnskap om det statistiske grunnlaget for regresjonsanalyse med minste kvadratsums metode (MKM)
  • Kunnskap om hypotesetesting
  • Grunnleggande kunnskap om korleisen oppdagar og handsamer brot på føresetnadane for MKM, slik som utelatne variablar, heteroskedastisitet og seriekorrelasjon
  • Grunnleggande kunnskap om IV/2SLS-metoden og tidsseriemetodar

 

Ferdigheiter

  • Grunnleggande bruk av statistikkprogrammet Stata til empirisk analyse
  • Estimering og testing med MKM
  • Rapportering og tolking av regresjonsresultat

 

Kompetanse

  • Evne til å lese og kritisk diskutere empiriske artiklar
  • Evne til sjølv å kunne gjennomføre eigen empirisk analyse i masteroppgåva

Tilrådde forkunnskapar

ECON240

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar. Seminarundervisning.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei godkjend innleveringsoppgåve med formativ tilbakemelding.

Godkjend arbeidskrav er gyldig i inneverande og dei tre følgjande semestera.

Vurderingsformer

4 timar skriftleg eksamen.

Tillatne hjelpemiddel til eksamen:

Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck, formelsamling i matematikk av Utdanningsdirektoratet og kalkulator. Berre følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillete brukt ved skriftlege prøvar:

Alle modellar av typane:

- Casio FX-82

- Hewlett-Packard HP30

- Texas instruments TI-30

Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Haust

Emneevaluering

Alle emner ved Institutt for økonomi vert evaluert kvart undervisningssemester.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for økonomi

E-post: studieveileder@econ.uib.no

Tlf: 55 58 92 26

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Skoleeksamen

    Dato
    28.11.2017, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    14.11.2017