Hjem

Utdanning

Masteremne

Økonometri II

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Eit viktig siktemål med kurset er å gå gjennom økonometriske modellar som er mykje brukt i hovudoppgåver, men som ikkje er dekka i introduksjonskurset (ECON340). For tida omfattar menyen av paneldata-, diskret val-, seleksjons- og forløpsdata-modellar. I kurset blir det gjennomgått kva ein kan oppnå med å ta i bruk dei respektive modelltypane, og kva for estimatorar som må nyttast. Det vil bli gitt døme på bruk av relevante dataprogram.

Læringsutbyte

Ein kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgjande totale læringsutbyte, definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

  • Forståing for korleis det kan gjerast kausale slutningar basert på eksperimentelle og ikkje-eksperimentelle data med relevante økonometriske metodar
  • Forståing for metodar som OLS, IV/2SLS, differanse i differansar og regresjonsdiskontinuitet
  • Forståing for metodar for diskret valg
  • Forståing for paneldatametodar

Ferdigheiter

  • Kunne handsame og analysere data i statistikkprogrammet Stata med relevante metodar som OLS, IV og 2SLS, regresjonsdiskontinuitet, diskret val og paneldataestimatorar
  • Kunne rapportere resultat på en oversiktlig og forståelig måte

Kompetanse

  • Kunne kritisk vurdere empiriske analyser i forskingsartiklar og andre publikasjonar
  • Kunne gjennomføre egne empiriske analyser som viser forståing for moglegheiter og avgrensingar.

Tilrådde forkunnskapar

ECON340

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

To obligatoriske innleveringar som må vere bestått for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Obligatorisk oppgåve og arbeidskrav er gyldig i inneverande og dei tre følgjande semestera.

Vurderingsformer

4 timar skriftleg eksamen.

Tillatne hjelpemiddel til eksamen:

Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck, formelsamling i matematikk av Utdanningsdirektoratet og kalkulator. Berre følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillete brukt ved skriftlege prøvar:

Alle modellar av typane:

  • Casio FX-82
  • Hewlett-Packard HP30
  • Texas instruments TI-30

Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Vår

Emneevaluering

Alle emner ved Institutt for økonomi vert evaluert kvart undervisningssemester.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for økonomi

E-post: studieveileder@econ.uib.no

Tlf: 55 58 92 26

Eksamensinformasjon