Hjem

Utdanning

Masteremne

Nytte-kostnadsanalyse

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeECON342
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Ujamt

Mål og innhald

Mål

Nytte-kostnadsanalyse er eit analyseverktøy for allokering av knappe ressursar, og brukast for å vurdere lønsemd i store offentlige prosjekt innanfor samferdsel-, miljø-, og helsesektoren, samt vurdering av offentlige tiltak innanfor turisme, bistand, distriktsutvikling, og offentlige etatar.

Formålet med kurset er å gi ei grunnleggande innføring i nytte-kostnadsanalyse, kor det blir fokus både på teori og empiriske analysar.

Innhald

  • Cost-Benefit Analysis (CBA) og Cost-Utility Analysis (CUA)
  • Måling og vurdering av kostnader og fordeler. Måling av velferd
  • Nytte-kostnadsomgrep med og utan marknadspriser
  • Tid (diskontering), usikkerheit og risikoanalyser
  • Indirekte metodar, contingent valuation
  • Verdien av statistisk liv (VSL)
  • QALY og andre nytteomgrep
  • Utvidelser (SEM, beslutningstre (TreeAge), Markov-modeller)

Anvendelser

  • Miljø (global oppvarming, miljøregulering, atomkraftverk)
  • Samferdsel (høyhastighetstog)
  • Helse (legemidler, screening, behandling, organdonasjon, QALY, verdien av liv)
  • Distriktsutvikling SND (infrastruktur, risikofylte prosjekt)
  • Utviklingshjelp (World Bank)
  • Konkurranseutsetjing (renovasjon, omsorg)

Læringsutbyte

Ein kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgjande totale læringsutbyte, definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten har kunnskap om¿

  • det teoretiske grunnlaget for nytte-kostnadsanalyser
  • korleis mikroøkonomisk teori kan brukast for å vurdere kostnader, betalingsvillighet og velferd
  • det normative grunnlaget for nytte-kostnadsanalyser og korleis nytte-kostnadsanalyse er relatert til samfunnsøkonomisk effektivitet og fordeling
  • stega og prosessen med å gjennomføre ein nytte-kostnadsanalyse
  • sentrale omgrep som diskontering, usikkjerhet, risiko, dobbeltelling, indirekte metodar, beslutningstre, skyggepriser
  • ulike metodar for å måle nytte og velferd
  • innsamling av relevante data for nytte-kostnadsanalyse
  • estimering av betalingsvillighet og andre størrelsar som inngår i en nytte-kostnadsanalyse
  • korleis ulike element i nytte-kostnadsanalyser er relevante i faktisk politikkutforming
  • styrker og svakheter med nytte-kostnadsanalyse som grunnlag for offentlege avgjerder

Ferdigheiter

Kandidaten...

  • kan analysere og forholda seg kritisk til ulike informasjonskjelder og litteratur på fagområdet nytte-kostnadsanalyser
  • kan anvende informasjonskjelder til å strukturere og formulere faglige resonnement på fagområdet
  • kan analysere eksisterande teoriar og metodar innanfor fagområdet
  • kan arbeide sjølvstendig med praktisk og teoretisk problemløysning
  • kan knyte saman teori og empiri på fagområdet
  • kan bruke relevante metodar for faglig utrednings- og utviklingsarbeid på en sjølvstendig måte
  • kan anvende metodar og hjelpemiddel for innsamling av data
  • kan gjennomføre en sjølvstendig nytte-kostnadsanalyse med utgangspunkt i tilgjengelige data
  • kan kritisk vurdere styrker og svakheter i eksisterande nytte-kostnadsanalyser

Kompetanse

Kandidaten...

  • kan anvende sine kunnskapar og ferdigheter på nye områder for å gjennomføre avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt knyta til nytte-kostnadsanalyser
  • kan formidle omfattande sjølvstendig arbeid og beherska fagområdets uttrykksformer
  • kan kommunisere om faglige problemstillingar, analyser og konklusjonar innanfor fagområdet, både med spesialister og til allmennheten
  • kan bidra til nytenking og utviklingsarbeid på fagområdet
  • kan arbeide sjølvstendig og organisere og planlegge eige arbeid innanfor gitte fristar
  • har evne til klar og ryddig skriftleg og munnleg framstilling

Tilrådde forkunnskapar

ECON310

Krav til studierett

Berre opent for studentar på master eller profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Modulbasert undervisning med undervisningsdagar med ulike tema, individuell rettleiing og presentasjonar. Studentane kan jobbe to saman på presentasjonane.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på presentasjonar (3 av 4 obligatorisk).

Vurderingsformer

Mappevurdering med sluttkarakter.

Vurdering av munnleg presentasjon og skriftlig materiale (presentasjonar + 7 dagars heimeeksamen).

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Same som undervisningssemester

Emneevaluering

Alle emner ved Insitutt for økonomi vert evaluert kvart undervisningssemester.

Institutt

Institutt for økonomi

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for økonomi

E-post: studieveileder@econ.uib.no

Tlf: 555 89226