Hjem

Utdanning

Masteremne

Forberedelsesemne for masteroppgåva

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Dette emnet består av seminar og individuell rettleiing der målet er individuell utvikling av prosjektplan for mastergradsoppgåva. Dette består i å formulera ei problemstilling og laga ein plan for korleis denne kan undersøkjast teoretisk og/eller empirisk ved å trekkja inn relevant teori og gå gjennom sentral litteratur på feltet. For empiriske studiar må det gjerast greie for datakjelder og korleis data kan bli lagt til rette for analyse. I seminardelen blir det gitt ei kort orientering om kjeldebruk, litteratursøk og akademisk skriving.

Læringsutbyte

Ein kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgjande totale læringsutbyte, definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten...

  • Har kunnskap om relevante datakjelder og korleis data kan leggjast til rette for analyse.

Ferdigheiter

Kandidaten...

  • Kan formulera forskingsproblem og trekkje inn og nytte relevant teori og forskingslitteratur som del av ei analytisk tilnærming til problemet.
  • Kan presentera og gjere greie for ein prosjektplan som dannar grunnlaget for arbeidet med masteroppgåva.

Kompetanse

Kandidaten...

  • Har kompetanse i kritisk kjeldebruk, bruk av referansar og litteratursøk.

Krav til studierett

Berre for studentar på master- eller profesjonsprogrammet i samfunnsøkonomi.

Arbeids- og undervisningsformer

Seminarer og individuell rettleiing

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Ei prosjektskildring utforma med individuell rettleiing. Prosjektskildringa skal presenterast i plenum og godkjennast av ein komité med to medlemmer inkludert rettleiar.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Vurderingssemester

Haust

Emneevaluering

Kvart undervisningssemester

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for økonomi

E-post: studieveileder@econ.uib.no

Tlf: 55 58 92 26

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Prosjektskildring

    Innleveringsfrist
    27.10.2017, 14:00