Hjem

Utdanning

Masteremne

Masteroppgåve

  • Studiepoeng30
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeECON391
  • Talet på semester1
  • Språk

    Norsk, engelsk ved behov

  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Studenten skal vise at ho/han er i stand til å nytte økonomisk metode til å gjere ei omfattande analyse av eit relevant problem. Framstillinga skal gjere greie for problemstilling, metode og resultat på ein oversiktleg måte.

Masteroppgåva er eit fagleg sjølvstendig arbeid som kan vere teoretisk eller empirisk. Studenten vel tema i samråd med rettleiar, basert på prosjektskissa utforma i 3. semester

Læringsutbyte

Ein kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgjande totale læringsutbyte, definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten...

  • har inngåande kunnskap om vitskapeleg skriving og kjeldebruk, metodiske og forskingsetiske problemstillingar.
  • har spesialisert innsikt i eit område innanfor samfunnsøkonomi.

Ferdigheiter

Kandidaten...

  • kan sjølvstendig utvikle og formulere ei presis problemstilling og utvikle eit forskingsdesign for å belyse eit tema innanfor samfunnsøkonomi.
  • kan på ein vitskapeleg måte implementere det teoretiske og/eller empiriske rammeverket slik at det leier fram til ein strukturert og sjølvstendig økonomisk analyse.

 

Kompetanse

Kandidaten...

  • kan gjennomføra et prosjekt frå idé til sluttføring.
  • kan nytte økonomisk metode til å gjere ei omfattande analyse av eit relevant problem.
  • kan formidla og drøfta avansert fagleg arbeid både skriftleg og munnleg.

Krav til forkunnskapar

Gjennomfør kursdel i mastergraden. 90 studiepoeng på masternivå må være bestått før kandidaten kan gå opp til muntlig vurdering.

Krav til studierett

Berre for studentar på master- eller profesjonsprogrammet i samfunnsøkonomi.

Arbeids- og undervisningsformer

Individuell rettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Munnleg eksamen.

Innleveringsfristar for oppgåva: 1. juni, 1. september, 1. desember, 1. februar.

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Vår/haust

Emneevaluering

Alle emner ved Institutt for økonomi vert evaluert kvart undervisningssemester.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for økonomi

E-post: studieveileder@econ.uib.no

Tlf: 55 58 92 26

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Masteroppgåve

    Innleveringsfrist
    01.09.2017, 12:00
    Trekkfrist
    18.08.2017