Hjem

Utdanning

Masteremne

Maritim Medisin

  • Studiepoeng3
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeELMED207
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk (Dersom ikkje-norskspråklege deltakarar på kurset, kan kurset haldast på engelsk.)
  • Ressursar

Undervisningssemester

Vår, de to siste ukene av den elektive perioden. Den elektive perioden er de fire første ukene av vårsemesteret.

Mål og innhald

Maritim medisin omhandlar alle medisinske aspekt (samfunnsmedisin, arbeidsmedisin, allmennmedisin, «emergency medicine», telemedisin m.m.) for dei som arbeider på havet, under alle himmelstrok, der cirka 1,5 millionar sjøfolk i handelsmarinen og cirka 33 millionar fiskarar har sitt arbeid, ofte dagevis eller vekevis frå land og utanfor rekkevidde av helikopter. Maritim medisin har ein internasjonal karakter, sidan vi yter tenester til skipsfarten, som er den einaste verkelege globale industrien i verda.

Mål:

Emnet har som mål

- å gje ei generell forståing av maritim medisin

- å gje ei oversikt over særlege yrkesrelaterte helse utfordringar i Noreg sine viktigaste eksportnæringar

- å gje ei basal innføring i seleksjonsmedisinske prinsipp

- å gje ei oversikt over norsk redningsteneste til sjøs

- å gje ei innføring i ulike verktøy fjernbehandling, avgrensing føremoner og ulemper ved ulike verktøy.

Emnet vert innleia med ei oversikt over kva norsk Maritim Medisin omfattar i dag. Vidare vert det fokusert på dei viktigaste helse-utfordringane i eit samfunns- og yrkesmedisinsk perspektiv. Omfanget av Norsk helseberedskap på havet vil bli gjennomgått. Ein øver på fjernbehandling av pasientar ved bruk av telemedisin. Det vert gitt innføring og trening i å nytta seleksjons-medisinske prinsipp.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten ..

  • har kunnskap om dei viktigaste internasjonale reguleringsmekanismane innan maritim medisin og korleis desse er implementert i Noreg
  • har oversikt over dei viktigaste arbeidsmiljø- utfordringane i norske maritime næringar og deira samfunnsmessige implikasjonar.
  • har kunnskap om sjukdoms- og ulukkesstatistikk i maritime næringar og kvar ein finn slik informasjon
  • forstår dei grunnleggjande prinsippa for seleksjonsmedisin
  • veit korleis helseberedskapen og redningstenesta til havs er organisert
  • forstår avgrensingane ved telemedisin og kan evaluera ulike telemedisinske metodar

Ferdigheiter

Studenten ..

  • kan finna fram i dei relevante internasjonale konvensjonane vedkomande 1) arbeids- og levevilkår for sjøfolk (MLC 2006 med retningsliner), 2) krav til helse og dugleik (STCW-konvensjonen med retningsliner), 3) krav til tryggleik på skip og medisinsk utrusting (SOLAS-konvensjonen med retningsliner) og 4) vern mot miljøskader og miljøverkander på menneske (MARPOL-konvensjonen med retningsliner)
  • kan visa korleis føremålet med seleksjon påverkar vurderingane
  • kan nytta grunnleggjande seleksjonsmedisinske prinsipp i vurdering av sikkerhetsrisiko på ulike maritime arbeidsplassar
  • kan nytta grunnleggjande seleksjonsmedisinske prinsipp på ulike medisinske tilstander
  • kan demonstrere korleis ein kan ta kontakt frå skip til hovedredningssentralar og Radio Medico via kystradiostasjonane
  • kan gjere greie for korleis sivil helseteneste kan samarbeida med maritim redningsteneste og Radio Medico
  • kan gjere greie for korleis medisinsk diagnostikk og behandling må modifiserast når pasienten ikkje kan koma til legen
  • kan gjere greie for avgrensingar som ligg i nivået av kunnskap og dugleik hjå skipsoffiserar i samhandling om pasientar om bord
  • kan nytta telemedisinske verktøy på ein forsvarleg og sjølvstendig måte

Krav til forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Medisinstudiet

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Emnet består av førelesingar, arbeidsplassbesøk, gruppearbeid (teambasert og casebasert læring) og simulatortrening.

Førelesingar (inkludert kursprøve): 20 timar

Arbeidsplassbesøk: 4 timar

Gruppearbeid: 14 timar

Simulatortrening: 8 timar

Sjølvstudium og eigne førebuingar til gruppearbeid og simulatortrening kjem i tillegg.

Tal på deltakarar (studnetar):

Minimum: 8

Maksimum: 30

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Førelesingar: 8t + kursprøve

Arbeidsplassbesøk

Gruppearbeid: 8t (inkludert presentasjonar)

Simulatortrening: 8t

Vurderingsformer

Frammøte på obligatorisk undervising/trening

Kursprøve (fleirvalgstest)

Karakterskala

Bestått / ikkje bestått

Emneansvarleg

Institutt for global helse og samfunnsmedisin og Norsk Senter for Maritim Medisin / Yrkesmedisinsk avdeling / Haukeland Universitetssjukehus

Alf Magne Horneland (seksjonsleiar NSMM)

alf.magne.horneland@helse-bergen.no

Marit Grønning (avdelingsdirektør YMA)

marit.grønning@helse-bergen.no

Administrativt ansvarleg

 Institutt for global helse og samfunnsmedisin

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for global helse og samfunnsmedisin studie@igs.uib.no