Hjem

Utdanning

Masteremne

Innføring i medisinsk pedagogikk

  • Studiepoeng6
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeELMED218
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Undervisningssemester

Vår. Modul 1 gjennomførast i dei to fyrste vekene i semesteret, modul 2 gjennom heile semesteret og modul 3 mot slutten av semesteret.

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å sette studentane i stand til å gå inn i ulike undervisnings- og rettleieroppgåver retta mot andre studentar. Emnet gir ei innføring i sentrale pedagogiske prinsipp og omhandlar tema som læring, medisinsk didaktikk, ulike undervisningsformer brukt i helsefaga, undervisningsplanlegging og vurdering.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten:

- har basiskunnskapar om kva læring er og korleis ein kan legge til rette for læring hos andre

- har kjennskap til og trening i bruk av modeller for planlegging av undervisning

- har kjennskap til varierte undervisnings- og vurderingsformar og korleis dei påverkar studentars læring og studieåtferd

Ferdigheiter

Studenten:

- kan planlegge og gjennomføre ei avgrensa undervisningsoppgåve

- beherskar varierte virkemedel for å gi tilbakemelding

- kan lese og forstå faglitteratur knytt til undervisning

Generell kompetanse

Studenten:

- kjenner til styrker og svakheiter ved eigen undervisningsrolle

Krav til forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Medisinstudiet

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Emnet er bygd opp av modular med ein innføringsmodul etterfølgt av ein periode med praktiske undervisningsoppgåver.

Modul 1: I innføringa vil studentane arbeide både sjølvstendig og i grupper. Det brukas gruppearbeid, casediskusjonar og studentpresentasjonar som undervisningsformer.

Modul 2: I praksismoduler skal studentane sjølve eller i lag med andre ha ansvar for avgrensa undervisningsoppgåver for studentar ved medisinstudiet. Undervisningsoppdraga kan være som instruktør i ferdighetssenteret, mentor, kollokvieleder, disseksjonsrettleiere el.l.

I løpet av praksisperioden skal alle studentane observere og gi feedback på undervisninga til minst ein av sine medstudentar.

Modul 3: Skriftlig refleksjonsnotat og presentasjon på erfaringsdelingsseminar.

Deltakerantall:

Minimum: 8

Maksimum: 25

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk oppmøte på alle modulane og krav til deltaking i gruppearbeida.

Vurderingsformer

Emnet godkjennast på bakgrunn av deltaking i dei obligatoriske undervisningsaktivitetane og godkjenning av refleksjonsnotatet.

Karakterskala

Bestått / ikkje bestått

Vurderingssemester

Vår

Emneansvarleg

Monika Kvernenes, MOF

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

info@med.uib.no

Tlf: 55 58 64 00