Fordypningskurs i patologi

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å vise korleis patologi er (1) ein sentral del av klinisk medisin; (2) eit aktuelt fag for framtidig spesialistutdanning; og (3) ein spennande forskingsarena.

Innhald:

Kurset skal formidle forståing for faget patologi og faget sin sentrale plass opp mot store kliniske disiplinar som kirurgi, indremedisin og onkologi. Vi ønskjer å tilby studentane ei innføring i spesialiteten patologi. Studentane vil få innblikk i den daglege verksemda ved ei stor patologiavdeling gjennom å observere makroarbeidet og obduksjonar. Vidare vil ein delta i mikroskopering saman med spesialist, på multidisiplinære og andre diagnostikkmøte ved avdelinga og i relevant internundervisning. Studentane vil og få innblikk i noko av den forskingsaktiviteten som vert driven i patologimiljøet.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

* har god kunnskap om viktige kriterium ved diagnostiske vurderingar i patologifaget

* har inngåande kunnskap om den sentrale terminologien i patologifaget

Ferdigheiter

Studenten

* kan vurdere enkle biopsiar i mikroskopet

* kan kome med forslag til formulering av diagnose

* kan kome med forslag til eventuell vidare utredning

Generell kompetanse

Studenten

* har kjennskap til heile prosessen som ein biopsi går gjennom, dvs. taking av prøve frå pasienten, preparering på laboratoriet, patologen sin mikroskopering og vurdering, utsvaring til klinikar, og diskusjon på multidisiplinære møte

* kan kommunisere med patolog om prøvesvar

Studiepoeng, omfang

3 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

4.-6. studieår

Undervisningssemester

Vår, elektiv periode er i januar.
Krav til forkunnskapar
Gjennomført patologiundervisning og bestått semestereksamenar i det tredje studieåret.
Krav til studierett
Medisinstudiet
Arbeids- og undervisningsformer
  • Gjennom samarbeid med kliniske avdelingar planlegg vi at studentane skal følgje ein biopsi frå den vert teken frå pasienten, via laboratoriet, patologen sin mikroskopiske vurdering og utsvaring til klinikar, heilt frem til multidisiplinære møte. Dette kan involvere fleire fagområde, t.d. innan mammapatologi (som eit samarbeid med Brystdiagnostisk senter) og gynekologisk patologi (Kvinneklinikken).
  • Studentane skal få innblikk i det daglege arbeidet i avdelinga (hospitering/delta i dagleg arbeid saman med LIS) i form av obduksjonsverksemd, makro- og mikroarbeid, patologidiagnostikk, cytologi og internundervisning.
  • Vi vil lage eit digitalt arkiv oppbygd av ein del sentrale histologiske preparat der studentane kan teste seg sjølve etter ferdig kurs. Ved sidan av krav til frammøte blir gjennomføring av ein slik test naudsynt for å få godkjent kurs.
  • Studentane skal gjennom presentasjonar gitt av ulike forskarar/forskingsgrupper ved avdelinga, få kjennskap til forskingsprosjekt der patologisk kompetanse har ein sentral rolle.
  • Antall deltakarar:
    Minimum: 6
    Maksimum: 12

    Obligatorisk undervisningsaktivitet
    Det er krav til frammøte i undervisninga for å få godkjent kurs. Vert attestert av emneansvarleg.
    Vurderingsformer
    Ved avslutta kurs vert studenten vurdert i form av ein test basert på eit digitalt arkiv av nokre sentrale histologiske preparat der studenten skal kunne gjenkjenne desse. Studenten må bestå denne testen.
    Karakterskala
    Bestått / ikkje bestått
    Litteraturliste

    Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

    Robbins: Basic Pathology 9th Edition

    Institutt
    Klinisk institutt 1