Hjem

Utdanning

Masteremne

Fordjupingskurs i palliativ medisin

  • Studiepoeng3
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeELMED308
  • Talet på semester1
  • Ressursar

Undervisningssemester

Vår, de to siste ukene av den elektive perioden. Den elektive perioden er de fire første ukene av vårsemesteret.

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gi studenten ei fordjuping i palliativ medisin utover det som inngår i den vanlege undervisninga i medisinstudiet.

Emnet skal formidle forståing for palliativ grunnlagstenking og kultur og gi studenten auka tryggleik i møte med alvorleg sjuke og døyande menneske og deira pårørande.

Innhald:

Grunnlagstenking i palliativ medisin

Smerte- og symptomlindring

Psykososiale og åndelege/eksistensielle utfordringar

Kommunikasjon

Omsorg ved livets slutt

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskapar om dei ulike fasane i forløpet av alvorleg sjukdom (kurativ, livsforlengande, palliativ)
  • kan anvende kunnskapar om smertelindring og ulike administrasjonsformar av aktuelle legemiddel
  • har kunnskapar om symptomlindring til døyande

Ferdigheiter

  • kan utføre kartlegging av vanlege symptom hos palliative pasientar
  • kan lindre vanlege symptom hos palliative pasientar (kvalme, forstopping, tung pust)
  • kan utforme ein individuell plan
  • har lært seg ferdigheiter i kommunikasjon med alvorleg sjuke og deira pårørande

Generell kompetanse

  • har forståing for palliativ medisin som fag, og tverrfaglege behandlingsprinsipp
  • har forståing for vendepunkt i sjukdomsforløpet og ulik behandlingsmålsetting i ulike fasar
  • har forståing for pasienten og dei pårørande si deltaking i planlegging og avgjersler
  • reflekterer over eigne haldningar til alvorleg sjukdom og død
  • reflekterer over legen si rolle i det palliative behandlingsteamet
  • er tryggare i møte alvorleg sjuke og døyande og deira pårørande, og i legerolla overfor denne gruppa

Krav til studierett

Medisinstudiet

Medisinstudiets fjerde eller femte studieår.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Film, virtual case, sjølvstudium med oppgaveløysing, gruppeaktivitetar (diskusjon av case, presentasjon og diskusjon av artiklar, etisk refleksjon), delta på tverrfagleg møte, klinisk teneste med samtale med pasient, spesialvisitt (kliniske smågrupper), pasientframlegg.

Dersom praktisk mogleg: Delta i familiesamtale og på minnestund.

21 timar timeplanfesta undervisning per veke, totalt 42 timar, inkludert til saman 4 dagar (14 timar) med klinisk teneste og kliniske smågrupper.

Den kliniske tenesta vil finne stad hos palliativt team i sjukehus, ved palliative einingar i spesialist- og kommunehelsetenesta og ved sjukehusavdelingar med palliative pasientar. Alle studentane vil få teneste både i spesialist- og kommunehelsetenesta.

Deltakerantall:

Minimum: 10

Maksimum: 20

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk frammøte: Minimum 80%, inkludert dei tre første dagane og siste dagen av kurset (felles introduksjonsdag, to dagar praktisk teneste og avsluttande kursdag med vurdering og evaluering).

Obligatorisk arbeidskrav: Godkjent framlegg av pasientcase. Fleirvalstest.

Vurderingsformer

Fleirvalstest (læringsutbyte kunnskapar ).

Refleksjonsnotat med studentens faglege, etiske og personlege refleksjonar etter møte med alvorleg sjuke og døyande menneske, særleg i høve legens rolle for denne pasientgruppa (læringsutbyte generell kompetanse).

Karakterskala

Bestått / ikkje bestått

Emneevaluering

Studentevaluering av emnet kvart år, inkludert to spørjeskjema (Self- efficacy in Palliative Care (SEPC) og Thanatophobia Scale (TS)).

Programevaluering i henhald til UiBs retningslinjer.

Emneansvarleg

Dagny Faksvåg Haugen, Klinisk institutt 1

Administrativt ansvarleg

Klinisk institutt 1

Kontakt

Kontaktinformasjon

Klinisk institutt 1 studie@kliniskmedisin.uib.no