Hjem

Utdanning

Masteremne

Epidemiologiske helsedata - teori og praksis

  • Studiepoeng3
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeELMED309
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk, men med engelsk litteratur.
  • Ressursar

Undervisningssemester

Vår, de to siste ukene av den elektive perioden. Den elektive perioden er de fire første ukene av vårsemesteret.

Mål og innhald

Om epidemiologi: Epidemiologi er læra om sjukdommar og sjukdomsframkallande faktorar si utbreiing i befolkninga (deskriptiv epidemiologi) som vert studert med formål å avdekke årsaker til sjukdom (analytisk epidemiologi). Epidemiologi er eit metodefag for medisinsk årsaksforsking. Faget omfattar også kunnskap om dei ulike sjukdommane si utbreiing i tid, stad og for personar. Faget si overordna målsetting er å oppnå kunnskap relevant for førebygging. Metodegrunnlaget kan også rettast mot helsefremmande faktorar og dermed gi kunnskap relevant for helsefremmande arbeid.

Spedisifikt for dette kurset: Formålet er å gi studentane kunnskap om norske helsedata (helseregister, store helseundersøkingar) med vekt på praktisk bruk.

Læringselement vil vere

-utdjupe grunnleggande epidemiologiske omgrep

-innhald og eigenskapar knytt til norske epidemiologiske helsedata, med eksempel på oppnådde resultat

-etikk og lovverk knytt til bruk av slike data

-gjennomføre analyser på data som er tilgjengelge i kurset, med vekt på å forstå epidemiologiske prinsipp. Programvare i analyser vil svare til det som vert undervist i kurs i statistikk, p.t. STATA.

-skrive (metodedel for) protokoll for ein studie basert på data som er tilgjengelege i kurset

-korleis få tilgang til helsedata (søknadsprosess)

-praktiske øvingar i formidling av epidemiologiske studier

- vi ønsker å samarbeide med statistikkmiljøet for å koordinere kurset med den undervisinga som gis i statistikk.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • kan identifisere grunnleggande omgrep og prinsipp i epidemiologi og vital statistikk, forstå prinsipp for innsamling, organisering og tolking av data.
  • har kunnskap om norske epidemiologiske helsedata, og korleis ein kan få tilgang til desse.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjennomføre grunnleggande analysar på helsedata
  • kan diskutere og presentere resultata av dataanalysane.

Generell kompetanse

Studenten

  • har evne til å reflektere kritisk over eigenskapar ved innsamla data
  • kan diskutere og reflektere over korleis ulike eigenskapar ved data kan ha følgjer for tolking av resultata.

Krav til forkunnskapar

Grunnleggande kunnskapar i epidemiologi og statistikk, i samsvar med studieplan i medisin.

Tilrådde forkunnskapar

To første veker av kurs i Regresjonsmodeller i medisinsk forskning (elektivt kurs). Bruk av statistiske analyseverkty, p.t. STATA.

Krav til studierett

Medisinstudiet

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

  • Forelesningar
  • Sjølvstudium
  • Lese litteratur og delta i diskusjonar av litteratur
  • Gjennomføre analyser på data
  • Arbeid med gruppeoppgåver m/presentasjon og diskusjon

Det er krav om at den enkelte har eigen datamaskin med aktuell programvare som er tilgjengeleg for studentar ved UIB.

Tal på studentar:

Min.: 10

Maks.: 25

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Gjennomføre analyser på eit standardisert datasett med spesifiserte oppgåver data.

Delta i arbeid med oppgåver.

Vurderingsformer

Innlevering og presentasjon av gruppeoppgåve. Gruppeoppgåva skal innehalde hovudelement som er nødvendige for å gjennomføre ein epidemiologisk studie, frå innhenting av data til analyser og diskusjon av resultat.

Karakterskala

Bestått / ikkje bestått

Emneevaluering

Etter første og andre gang, sidan kvart 3.år

Emneansvarleg

Institutt for global helse og samfunnsmedisin.

Kontaktperson: anne.daltveit@uib.no

Administrativt ansvarleg

Studieadministrasjonen IGS

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for global helse og samfunnsmedisin studie@igs.uib.no