Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Introduksjon til energikjelder og forbruk

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid.

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Mål:
Emnet har som mål å gi studentane ein introduksjon til og oversikt over ulike energiressursar, og deiras bruk. Emnet skal formidle forståing for bidraget frå ulike energikjelder til nasjonal og global energiforsyning og korleis energien brukast.

Innhald:
Emnet diskuterer sentrale fornybare energikjelder som solenergi, vindenergi, vannkraft, energi frå tidevann og bølgjer, bioenergi og geotermisk energi. I tillegg vil ein diskutere kjernekraft og fossile energikjelder saman med CO2-fangst og lagring. Dei ulike energikjeldene vil bli satt inn eit bærekraft og økonomi-perspektiv. Prinsippet for livssyklusanalyse vil bli introdusert. Emnet vil gje ein oversikt over nasjonal og global energiproduksjon og forbruk og projeksjonar fram i tid.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

-kan gjere greie for ulike energiressursar og deiras relative rolle i den globale energiforsyning

-kan gjere greie for kordan energi brukast og tilhøyrande krav til energiforsyninga

Ferdigheiter

Studenten

-kan gjere enkle overslag på tilgjengeleg energi fra ulike ressursar

-kan gjere overslag på energikostnad

Generell kompetanse

Studenten

-kan gjere greie for grunnleggjande utfordringar knytta til utviklinga av global energibruk

Tilrådde forkunnskapar

Realfagskrav.

Studiepoengsreduksjon

ENERGI200: 10 sp

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det eit krav om at du har ein studierett knytt til Integrert masterprogram i energi (sivilingeniør) ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet.

Arbeids- og undervisningsformer

4 forelesningar, 1 øving per veke. Øvingene inkluderer rekneoppgåver knytt til forelesningane og 1- 2 prosjektarbeid med diskusjon av aktuelle tema. Noko av forelesningstida vil bli nytta til rettleiing i prosjektarbeid.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjent prosjektarbeid.

Gyldig i fire semester: Det semesteret obligatoriske arbeidskrav blir godkjent + tre etterfølgjande semester.

Vurderingsformer

Prosjektarbeid vil telle 20% av endeleg karakter og må være gjennomført.

Skriftleg eksamen 4 timar, vil telle 80% av endeleg karakter og må være bestått. Ved mindre enn 10 kandidatar kan muntleg eksamen avholdast. Muntleg eksamen vil telle 80% av endeleg karakter og må være bestått.

Hjelpemiddel til eksamen

Enkel kalkulator i samsvar med modell oppført i reglane ved Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet.

Karakterskala

Ved sensur vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

I utgangspunktet vil referansegruppe bli brukt årlig.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studieveileder@gfi.uib.no

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/ Geofysisk institutt har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

energi-siving@uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Skriftleg eksamen

    Dato
    01.12.2017, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    17.11.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen