Hjem

Utdanning

Masteremne

Energiressursar og -forbruk

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gje studenten ein oversikt over ulike energiressursar, med hovudvekt på fornybare ressursar. Emnet skal også gi ei oversikt over nasjonalt og internasjonalt energiforbruk og energiproduksjon, og projeksjonar framover i tid. Sentrale omgrep som livssyklusanalyse, bærekraft og energikostnader skal beherskast.

Innhald:

Emnet gir en oversikt over fornybare energiressursar som solenergi, vindenergi, vasskraft, energi frå tidevatn og bølgjer, bioenergi og geotermisk energi. I tillegg tar ein kort for seg kjernekraft og fossile energikjelder saman med CO2 fangst og lagring. Prinsippa for utnytting av dei ulike ressursane vert diskutert. Dagens energiproduksjon og bruk, både nasjonalt og globalt diskuterast, saman med projeksjonar framover i tid. Omgrep som livssyklusanalyse, bærekraft og energikostnader introduserast og diskuteres.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten
- kan gjere greie for ulike energiressursar og deiras relative rolle i den nasjonale og globale energiforsyning
- kan gjere greie for kordan energi brukast og tilhøyrande krav til energiforsyninga
- kan vurdere mogleg framtidig bruk av ulike energikjelder

Ferdigheiter

Studenten
- kan gjere overslag på tilgjengeleg energi frå ulike ressursar
- kan gjere overslag på energikostnad

Generell kompetanse

Studenten
- kan gjere greie for grunnleggjande utfordringar knytta til utviklinga av global energibruk
- kan gjere greie for omgrep som bærekraft og livsyklus vurderingar i samband med energiomforming og - bruk

Krav til forkunnskapar

MAT111 Grunnkurs i matematikk 1 eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

KJEM110, Kjemi og energi.

Studiepoengsreduksjon

ENERGI101 10 studiepoeng

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

4 forelesningar, 1 øvingstime per veke. Øvingene inkluderer rekneoppgåver knytt til forelesningane og diskusjon av aktuelle tema.

Det vil bli arrangert ekskursjonar til energi-bedrifter og anlegg.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

2/3 av øvingane må vere levert og godkjent for å ta eksamen.

Gyldig i fire semester: Det semesteret obligatoriske arbeidskrav blir godkjent + tre etterfølgjande semester.

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen, 4 timar. Ved mindre enn 10 kandidatar kan muntleg eksamen avholdast.

Hjelpemiddel til eksamen

Enkel kalkulator tillatt, i samsvar med modeller angitt i fakultetets regler.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

I utgangspunktet vil referansegrupper bli brukt årlig.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studieveileder@gfi.uib.no

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskapelege fakultet v/ Geofysisk institutt har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Munnleg eksamen

    Trekkfrist
    01.11.2017
  • Vurderingsordning: Skriftleg eksamen

    Dato
    08.12.2017
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    24.11.2017