Hjem
Click

Utdanning

Masteremne

Energifysikk og -teknologi

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeENERGI210
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk. Emnet undervisast på norsk dersom berre norskspråklege studentar meldar seg til emnet.
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet gir ei innføring i fysikken bak ulike energiteknologiar for produksjon av mekanisk energi, varme og elektrisitet. Emnet omhandlar praktiske løysingar, effektivitet, teknologisk status, potensiale for forbetring og framtidige teknologiar.

I løpet av semesteret skal studentane få djupare kunnskap om: produksjon av fossile brensler (olje, naturgass og kull) og prosessering for vidare bruk; fysikk og kjemi knytt til forbrenning inkludert termodynamiske lover og energiomgrep, danning av forurensning, forbrenningsmotorer (inkludert dampturbiner og varmekraftmaskiner), miljøeffekter av forurensning, konvertering av stråling til elektrisk kraft og teknologier relatert til solenergi, design og aerodynamikk av vindturbiner, kjernekraft og fysikk knytt til fusjonsreaktorer og aspekter ved spredning. Gjennomgående for hvert tema skal studentene få ei omfattende forklaring av fysikken, noverande kunnskapsstatus, implementering og fremtidsutsikter.

Læringsutbyte

Etter fullført kurs skal studentene kunne:

* forstå og beskrive fysikken i energikonverteringsprosessar

* mestre dei grunnleggjande prinsippa bak design av teknologi for høsting av energi

* ha forståing for og kunne forklare samfunnsmessige aspekt ved energiomsetning inkludert helse og miljøkonsekvenser

* godtgjere utvida kunnskap om utvalde tema og utfordringar knytt til alle stadier fra kilder til bruk av energi

* kommunisere med teknologar og forskarar om fysiske aspekter og design av energikonverteringsutstyr på ein kritisk og velinformert måte.

Krav til forkunnskapar

MAT111 Grunnkurs i matematikk eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

PHYS113 Mekanikk 2 og termodynamikk eller KJEM210 Termodynamikk eller tilsvarande. Gode kunnskapar i fysikk, geofysikk, kjemi, eller matematikk er ein føremon.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du fyller evt. opptakskrav.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesning: 4 timar/veke

Seminar 1 time/veke

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Meir enn 25 % oppmøte på seminara.

Vurderingsformer

Skriftleg, 4 timar. Dersom færre enn 10 påmeldte kan det bli munnleg eksamen. Hjelpemiddel: Enkel kalkulator i samsvar med modell oppført i fakultetets reglar.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

Ingen

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Institutt

Institutt for fysikk og teknologi

Kontakt

Kontaktinformasjon

Forelesar og Administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt evt. studiekonsulenten på instituttet.

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Skriftleg eksamen

    Dato
    29.09.2017, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    15.09.2017