Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Introduksjon til engelskstudiet

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust 

Undervisningsstad

Bergen 

Mål og innhald

ENG100 består av to delar, ein i lingvistikk og ein i litteratur.

Lingvistikkdelen skal gi grunnleggande kunnskap om lingvistikk som disiplin, med vekt på tema som gjeld engelsk språk. Den skal òg gi ei innføring i verktøy og teknikkar til bruk i omgang med språklege data og lingvistiske kjelder, og grunnleggande ferdigheiter i skriving av akademiske tekstar på engelsk om lingvistiske emne.

Litteraturdelen skal gi grunnleggande kunnskap i litterær analyse og tolking gjennom fokus på sjangrar som novelle og lyrikk i ein kulturell samanheng. Den skal ruste studenten med basis begrepsapparat og fortolkingsprosedyre, samt innøve vesentlege ferdigheiter i form av munnleg og skriftleg akademisk diskusjon om litterære tekstar på engelsk.

Læringsutbyte

Ved fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har ei grunnleggande forståing av lingvistikk som disiplin, samt ferdigheiter i bruk av lingvistiske verktøy og teknikkar
  • har elementær kunnskap i litterær analyse og fortolking av litteratur i lys av strukturar og verkemiddel som er grunnleggande for respektive sjangrar

Dugleikar

Studenten

  • kan bruke lingvistiske verktøy og teknikkar i skriving av akademiske tekstar på engelsk om lingvistiske emne
  • Kan bruke munnlege og skriftlege ferdigheiter i litteraturstudiet som ein akademisk disiplin

Generell kompetanse

Studenten

  • Har eit godt grunnlag for vidare studium i engelsk lingvistikk, litteratur og kultur

Lingvistikk: Ved fullført emne skal studentane ha ei grunnleggande forståing av lingvistikk som disiplin. Dei skal òg ha grunnleggande ferdigheiter i bruk av lingvistiske verktøy og teknikkar og i skriving av akademiske tekstar på engelsk om lingvistiske emne.

Litteratur: Det fullførte emnet skal sikre studenten elementær kunnskap i litterær analyse og fortolking av litteratur i lys av strukturar og verkemiddel som er grunnleggande for respektive sjangrar. Samstundes skal studenten tileigne seg munnlege og skriftlege ferdigheiter i litteraturstudiet som ein akademisk disiplin.

Krav til forkunnskapar

Ingen 

Tilrådde forkunnskapar

Ingen 

Studiepoengsreduksjon

 

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar på bachelorprogrammet i engelsk, årsstudiet i engelsk og lektorutdanninga med master i framandspråk ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga er organisert som forelesingar og grupper i kvar av disiplinane, lingvistikk og litteratur/kultur:

Forelesing og gruppe/seminar: opp til 28 timar.

Det er venta at studentane er til stades og tek aktivt del i undervisninga. Dette ligg også til grunn for førebuing til eksamen.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studenten skal levere inn utkast til to essay; eitt i lingvistikk og eitt i litteratur/kultur. Utkasta skal leverast inn i Mitt UiB. Begge utkasta må vere godkjent for å kunne gå opp til eksamen i emnet.

Dei obligatoriske arbeidskrava er gyldige t.o.m. eitt semester etter undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Vurderingsforma i emnet er ei mappe som skal innehalde to essays: eitt essay om eit lingvistisk tema og eitt essay om eit litteraturvitskapeleg tema. Essaya skal vere på 1500 ord kvar (± 10 %), eksklusive litteraturliste og vedlegg. Kvart essay tel 50 prosent av den totale karakteren. Ein må få ståkarakter i begge essaya for å få ståkarakter i emnet.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen.

Karakterskala

Ved sensur av emnet blir karakterskalaen A-F nytta, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust. Der er òg eksamen tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensum er eit utval tekstar som gjev ei innføring i engelsk lingvistikk og i skriving av akademiske tekstar om lingvistiske emne, og som gjev innføring i litterær analyse og fortolking av litteratur.Litteraturlista vil vere klar innan 01.06 for haustsemesteret.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Mappevurdering

    Innleveringsfrist
    30.11.2017, 13:16
    Trekkfrist
    16.11.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen