Gå til innhold
English A A A
Emne ENG101

Engelsk lingvistikk I

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 15
Undervisningssemester Vår
Fagleg overlapp Ein kan ikkje få utteljing for både ENG101 og ENG111 (10 stp) eller ENG112 (5 stp).
Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Undervisningsspråk

Engelsk

Krav til forkunnskapar

Ingen

Læringsutbyte

Ved fullført emne skal studentane ha grunnleggjande kunnskap om det engelske lydsystemet og om sentrale omgrep innan fonetikk og fonologi.

Studentane skal òg ha grunnleggjande kunnskap om engelsk språkstruktur og om sentrale omgrep innan syntaks og morfologi.

Studentane skal kunne bruke kunnskapane til å analysere språkleg materiale.

Studentane skal vidare ha ei viss forståing og meistring av eit presist språkvitskapleg omgrepsapparat.

Studentane skal ha nok kompetanse til å kunne vidareutvikle sine kunnskapar t.d. gjennom studiet av lingvistikk på 200-nivå.

 

 

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no

 

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsspråk

Engelsk

Studienivå

Bachelor

Krav til studierett

 Emnet er ope for alle med studierett ved UiB. Personar utan studierett kan søkje Studieadministrativ avdeling om å få gå opp til særskild eksamen.

Mål og innhald

ENG101 består av to kurs, eitt i fonetikk og eitt i grammatikk. Studiet i fonetikk skal gi kunnskap om engelsk uttale og om sentrale omgrep innan fonetikk og fonologi. Studiet i grammatikk skal gi kunnskap om engelsk språkstruktur, særleg innan syntaks og morfologi. Begge kursa skal gi studentane eit presist språkvitskapleg omgrepsapparat som arbeidsreiskap.

 

 

Læringsutbyte/resultat

Ved fullført emne skal studentane ha grunnleggjande kunnskap om det engelske lydsystemet og om sentrale omgrep innan fonetikk og fonologi.

Studentane skal òg ha grunnleggjande kunnskap om engelsk språkstruktur og om sentrale omgrep innan syntaks og morfologi.

Studentane skal kunne bruke kunnskapane til å analysere språkleg materiale.

Studentane skal vidare ha ei viss forståing og meistring av eit presist språkvitskapleg omgrepsapparat.

Studentane skal ha nok kompetanse til å kunne vidareutvikle sine kunnskapar t.d. gjennom studiet av lingvistikk på 200-nivå.

 

 

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ein vil sterkt rå til at studentane i tillegg til generell studiekompetanse har studiespesialiserande programfag i engelsk frå vidaregåande skole med gode karakterar. For studentar med annan bakgrunn er det tilrådd med eit engelsknivå tilsvarande B2 i følge the Common European Framework of Reference for Languages.

Undervisninga føreset kunnskapar tilsvarande EXFAC00SK Språk og kommunikasjon. Ein vil sterkt rå til at studentane har teke denne eksamenen før dei byrjar på engelskstudiet.

Fagleg overlapp

Ein kan ikkje få utteljing for både ENG101 og ENG111 (10 stp) eller ENG112 (5 stp).

Undervisning og omfang

Førelesing: 2 x 2 timar pr veke i 12 veker. Totalt 48 timar.Grupper: 2 timar pr veke i 12 veker. Totalt 24 timar.Tilsaman 72 timar.

 

 

Obligatoriske arbeidskrav

Det er ingen obligatoriske oppgåver, men kvar student kan få levere inn skriftlege oppgåver i fonetikk og grammatikk.

 

Vurderingsformer

Det blir arrangert eksamen kvart semester: på slutten av vårsemesteret og midt i haustsemesteret.

 

Eksamen er ein seks timars skoleeksamen. Ingen hjelpemiddel er tillatte ved eksamen.

 

For å stå til eksamen må studentane greie minstekravet i kvart av dei to områda som er nemnde under Læringsutbyte/resultat.

 

Karakterskala

Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

 

Læremiddelomtale

Pensum omfattar ein presentasjon av engelsk fonologi, og av grunnleggjande emne i engelsk grammatikk.

 

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no