Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Engelsk som verdsspråk

Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

ENG108 skal gi kunnskap om ulike sosiale, politiske og globale aspekt ved engelsk språk. Emnet skal òg gi studentane eit presist språkvitskapleg omgrepsapparat som arbeidsreiskap.

Læringsutbyte

Ved fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

- har kunnskap om ulike sosiale, politiske og ideologiske aspekt ved språket

- kan drøfte framveksten av engelsk som eit verdsspråk

Dugleikar

Studenten

- har ei god forståing av- og kan meistre eit presist språkvitskapleg omgrepsapparat

Generell kompetanse

Studenten

- har nok kompetanse til å kunna vidareutvikla sine kunnskapar t.d. gjennom studiet av lingvistikk på 200-nivå

- kan uttrykke seg korrekt på akademisk engelsk

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav til forkunnskapar; sjå tilrådde forkunnskapar.

Tilrådde forkunnskapar

Ein vil sterkt rå til at studentane i tillegg til generell studiekompetanse har studiespesialiserande programfag i engelsk frå vidaregåande skole med gode karakterar. For studentar med annan bakgrunn er det tilrådd med eit engelsknivå tilsvarande C1 i samsvar med the Common European Framework of Reference for Languages.

Ein vil òg rå til at studentane har fullført ENG100, EXFAC00SK Språk og kommunikasjon, ENG114 og ENG115, eller har tilsvarande kunnskapar.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapping kan ein ikkje få utteljing for ENG108 i kombinasjon med ENG104 (5 stp), ENG106 (5 stp), ENG106L (5 stp), ENG111 (5 stp) og ENG112 (5 stp).ENG108 har felles tregangersregel med ENG106.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB. Personar utan studierett kan søkja Det humanistiske fakultet om å få gå opp til særskild eksamen.

For exchange students:
Applicants have to document English language proficiency to access the course. Student should hold a level of C1 in the Common European Framework of Reference for Language (CEFR). For valid tests, please see uib.no/exchange.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Forelesing: opp til 24 timar

Det er venta at studentane er til stades og tek aktivt del i undervisninga. Dette ligg også til grunn for førebuing til eksamen.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er ingen obligatoriske oppgåver, men kvar student kan få levere inn ei skriftleg oppgåve.

Vurderingsformer

Eksamen er ein tre timars skoleeksamen.

Skoleeksamen kan bli digital.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen hjelpemiddel er tillatne ved eksamen.

Karakterskala

Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Det blir arrangert eksamen kvart semester. Regulær eksamen på slutten av haustsemesteret og utsett eksamen midt i vårsemesteret.

Litteraturliste

Pensum omfattar ei innføring i engelsk som verdsspråk. Litteraturlista vil vere klar innan 01.06 for haustsemesteret.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen

    Dato
    13.11.2017, 09:00
    Varigheit
    3 timer
    Trekkfrist
    30.10.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen