Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Engelsk grammatikk I

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår 

Undervisningsstad

Bergen 

Mål og innhald

Kurset skal gi studentane kunnskap om engelsk språkstruktur, særleg innan syntaks og morfologi. Det skal òg gi eit presist språkvitskapleg omgrepsapparat som arbeidsreiskap.

Læringsutbyte

Ved fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

- har grunnleggande kunnskap om engelsk språkstruktur og om sentrale omgrep innan syntaks og morfologi

Dugleikar

Studenten

 - kan bruke kunnskapane til å analysera språkleg materiale

- skal vidare ha ei viss forståing og meistring av eit presist språkvitskapleg omgrepsapparat

Generell kompetanse

Studenten

- har nok kompetanse til å kunna vidareutvikla sine kunnskapar t.d. gjennom vidare studier av engelsk lingvistikk

- kan uttrykke seg korrekt på akademisk engelsk

Krav til forkunnskapar

 Ingen formelle krav til forkunnskapar; sjå tilrådde forkunnskapar.

Tilrådde forkunnskapar

Ein vil sterkt rå til at studentane i tillegg til generell studiekompetanse har studiespesialiserande programfag i engelsk frå vidaregåande skole med gode karakterar. For studentar med annan bakgrunn er det tilrådd med eit engelsknivå tilsvarande C1 i samsvar med the Common European Framework of Reference for Languages.

Undervisninga føreset kunnskapar tilsvarande EXFAC00SK Språk og kommunikasjon og ENG100. Ein vil sterkt rå til at studentane har teke desse emna før dei byrjar på engelskstudiet.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av faglig overlapping kan en ikkje få uttelling for ENG114 i kombinasjon med ENG101 (10 stp) og ENG111 (10 stp). ENG114 har felles tregangersregel med ENG101.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB. Personar utan studierett kan søkje Det humanistiske fakultet om å få gå opp til særskild eksamen.

For exchange students:
Applicants have to document English language proficiency to access the course. Student should hold a level of C1 in the Common European Framework of Reference for Language (CEFR). For valid tests, please see uib.no/exchange.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Forelesning og grupper: opp til 36 timer.

Det er venta at studentane er til stades og tek aktivt del i undervisninga. Dette ligg også til grunn for førebuing til eksamen.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er ingen obligatoriske oppgåver, men det vert gitt øvingsoppgåver og ein vil sterkt rå til at studentane leverer inn desse.

Vurderingsformer

Eksamen er ein fire timars skoleeksamen.

Skoleeksamen kan bli digital.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen hjelpemiddel er tillatne ved eksamen.

Karakterskala

Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk. 

Vurderingssemester

Det blir arrangert eksamen kvart semester. Regulær eksamen på slutten av vårsemesteret og utsett eksamen midt i haustsemesteret.

Litteraturliste

Pensum omfattar ei framstilling av grunnleggande emne i engelsk grammatikk. 

Litteraturlista vil vere klar innan 01.12 for vårsemesteret.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen

    Dato
    12.10.2017, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    28.09.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen