Amerikansk litteratur og kultur
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
Emnet tilbys av
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Haust |
| Fagleg overlapp | Ein kan ikkje få utteljing for både ENG122 og ENG122L |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Engelsk
Krav til forkunnskapar
Ingen
Læringsutbyte
Studiet har som mål å gi auka kunnskap om mangfaldet i amerikansk kultur i eit historisk perspektiv, og dessutan forståing av grunnleggjande premissar for utviklinga av litteraturen og samfunnet. Studiet skal òg utvikle evna til å uttrykkje seg skriftleg og munnleg på engelsk.
Kontaktinformasjon
studieveileder@if.uib.no
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsspråk
Engelsk
Studienivå
Bachelor
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med ein studierett ved UiB
Mål og innhald
Emnet gir ei allmenn historisk innføring i amerikansk litteratur, kultur, og samfunnsutvikling.
Læringsutbyte/resultat
Studiet har som mål å gi auka kunnskap om mangfaldet i amerikansk kultur i eit historisk perspektiv, og dessutan forståing av grunnleggjande premissar for utviklinga av litteraturen og samfunnet. Studiet skal òg utvikle evna til å uttrykkje seg skriftleg og munnleg på engelsk.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ein vil sterkt rå til at studentane i tillegg til generell studiekompetanse har studiespesialiserande programfag i engelsk frå vidaregåande skole med gode karakterar.
Fagleg overlapp
Ein kan ikkje få utteljing for både ENG122 og ENG122L.
Undervisning og omfang
Førelesing: 4 timar pr veke
Seminar: 2 timar pr veke
Obligatoriske arbeidskrav
I tilknyting til seminara skal studentane skrive to rettleidde skriftlege oppgåver, som må vera godkjende for at studenten kan gå opp til eksamen i emnet (sjå Vurderingsformer). Kvar oppgåve skal ha eit omfang på mellom 1200 og 1500 ord (svarar til 3-4 sider), litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna. Studentane har rett og plikt til rettleiing i arbeidet med dei skriftlege oppgåvene. Rettleiinga blir gitt i tilknyting til seminarundervisninga, og føreset at studentane følgjer denne. Studentane vel oppgåver å arbeide med frå utarbeidde oppgåvealternativ og retningsliner, og dei skal levere utkast til oppgåvene til fastsett tid og møte til rettleiing etter retningsliner fastsette av instituttet og faglæraren. Studentar som ikkje har oppfylt krava om rettleiing og fått godkjent oppgåvene innan fastsette fristar, får ikkje gå opp til eksamen.
Vurderingsformer
Eksamen i ENG122 blir arrangert kvart semester: på slutten av haustsemesteret og midt i vårsemesteret. Studentane får karakter i emnet på grunnlag av ein fem timars skoleeksamen. Ingen hjelpemiddel er tillatte ved eksamen. For å kunne gå opp til skoleeksamen, må studentane ha fått godkjent dei skriftlege oppgåvene og oppfylt krava til rettleiing (sjå Obligatoriske arbeidskrav). Godkjenninga av oppgåvene gjeld for to semester etter det semesteret oppgåvene blei leverte.
Studentar på Bachelorprogram for USA-studium kan søkje om å avleggje eksamen på norsk (ENG122N). Om eksamen er på norsk, vil det gå fram av vitnemålet, og emnet vil ikkje kunne inngå i spesialisering for opptak til masterstudiet i engelsk.
Karakterskala
Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Læremiddelomtale
Pensum omfattar litterære periodar, historiske hendingar og representative tekstar innan skjønnlitteratur og sakprosa frå 1600-talet til våre dagar.
Undervisningssted
Bergen
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
studieveileder@if.uib.no