Amerikansk litteratur og kultur for lærarstudentar
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
Emnet tilbys av
| Studiepoeng | 10 |
| Undervisningssemester | Haust |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Engelsk
Krav til forkunnskapar
Ein vil sterkt rå til at studentane i tillegg til generell studiekompetanse har studiespesialiserande programfag i engelsk frå vidaregåande skole med gode karakterar.
Læringsutbyte
Studiet har som mål å gi auka kunnskap om mangfaldet i amerikansk kultur i eit historisk perspektiv, og dessutan forståing av grunnleggjande premissar for utviklinga av litteraturen og samfunnet. Studiet skal òg utvikle evna til å uttrykkje seg skriftleg og munnleg på engelsk.
Kontaktinformasjon
studieveileder@if.uib.no
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsspråk
Engelsk
Studienivå
Bachelor
Krav til studierett
Opptak på integrert lærarutdanning med engelsk.
Ein kan ikkje få utteljing for både ENG122 og ENG122L.
Mål og innhald
Emnet gir ei allmenn historisk innføring i amerikansk litteratur, kultur, og samfunnsutvikling.
Læringsutbyte/resultat
Studiet har som mål å gi auka kunnskap om mangfaldet i amerikansk kultur i eit historisk perspektiv, og dessutan forståing av grunnleggjande premissar for utviklinga av litteraturen og samfunnet. Studiet skal òg utvikle evna til å uttrykkje seg skriftleg og munnleg på engelsk.
Krav til forkunnskapar
Ein vil sterkt rå til at studentane i tillegg til generell studiekompetanse har studiespesialiserande programfag i engelsk frå vidaregåande skole med gode karakterar.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Obligatoriske arbeidskrav
I tilknyting til seminara skal studentane skrive ei rettleidd skriftleg oppgåve, som må vera godkjend for at studenten kan gå opp til eksamen i emnet (sjå Vurderingsformer). Oppgåva skal ha eit omfang på mellom 1200 og 1500 ord (svarar til 3-4 sider), litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna. Studentane har rett og plikt til rettleiing i arbeidet med den skriftlege oppgåva. Rettleiinga blir gitt i tilknyting til seminarundervisninga og føreset at studentane følgjer denne. Studentane vel oppgåve å arbeide med frå utarbeidde oppgåvealternativ og retningsliner, og dei skal levere utkast til oppgåva til fastsett tid og møte til rettleiing etter retningsliner fastsette av instituttet og faglæraren. Studentar som ikkje har oppfylt krava om rettleiing og fått godkjent oppgåva innan fastsett frist, får ikkje gå opp til eksamen.
Vurderingsformer
Eksamen i ENG122L blir arrangert kvart semester. Studentane får karakter i emnet på grunnlag av ein fire timars skoleeksamen. Ingen hjelpemiddel er tillatte ved eksamen. For å kunne gå opp til skoleeksamen, må studentane ha fått godkjent den skriftlege oppgåva og oppfylt krava til rettleiing (sjå Obligatoriske arbeidskrav). Godkjenninga av oppgåva gjeld for to semester etter det semesteret oppgåva blei levert.
Karakterskala
Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Læremiddelomtale
Pensum gir ei allmenn innføring i amerikansk litteratur og kultur gjennom historia og omfattar tekstar innan skjønnlitteratur og sakprosa.
Undervisningssted
Bergen
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
studieveileder@if.uib.no