Britisk litteratur og kultur
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
Emnet tilbys av
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Vår |
| Fagleg overlapp | På grunn av fagleg overlapping kan ein ikkje få utteljing for ENG125 i kombinasjon med |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Engelsk
Krav til forkunnskapar
Ingen
Læringsutbyte
ENG125 gir ei grunnleggjande innføring i britisk litteratur og kultur. Studentane skal utvikle evne til kritisk haldning til og sjølvstendig vurdering av pensumtekstane. Kurset gir ei innføring i tekstanalyse i dei litterære hovudmodusane prosa, drama og lyrikk. Dugleiken til å ta for seg både formelle og tematiske trekk blir oppøvd. Gjennom tolking og analyse av ei rekke litterære verk, vil det óg bli gitt ei forståing av dei viktigaste epokane og utviklingstrekk innafor britisk litteratur frå renessansen til vår eiga tid. Verka og epokane blir tolka i høve til viktige trekk av si tids samfunnstilhøve og politiske kontekst.
Kontaktinformasjon
studieveileder@if.uib.no
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsspråk
Engelsk
Studienivå
Bachelor
Mål og innhald
Studiet har som mål å gi studentane auka innsikt i og kunnskap om britisk litteratur og kultur, og gjere dei i stand til å uttrykkje seg klart og presist om litterære og kulturelle spørsmål, både skriftleg og munnleg.
Læringsutbyte/resultat
ENG125 gir ei grunnleggjande innføring i britisk litteratur og kultur. Studentane skal utvikle evne til kritisk haldning til og sjølvstendig vurdering av pensumtekstane. Kurset gir ei innføring i tekstanalyse i dei litterære hovudmodusane prosa, drama og lyrikk. Dugleiken til å ta for seg både formelle og tematiske trekk blir oppøvd. Gjennom tolking og analyse av ei rekke litterære verk, vil det óg bli gitt ei forståing av dei viktigaste epokane og utviklingstrekk innafor britisk litteratur frå renessansen til vår eiga tid. Verka og epokane blir tolka i høve til viktige trekk av si tids samfunnstilhøve og politiske kontekst.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ein vil sterkt rå til at studentane i tillegg til generell studiekompetanse har studiespesialiserande programfag i engelsk frå vidaregåande skule med gode karakterar.
Fagleg overlapp
På grunn av fagleg overlapping kan ein ikkje få utteljing for ENG125 i kombinasjon med ENG123/ENG124.
Undervisning og omfang
Førelesing: 2 timar 2 gongar pr veke i 12 veker
Seminar: 2 timar pr veke i 12 veker
Obligatoriske arbeidskrav
I tilknyting til seminara skal studentane skrive ei rettleidd skriftleg oppgåve, som må vera godkjend for at studenten kan gå opp til eksamen i emnet (sjå Vurderingsformer). Oppgåva skal ha eit omfang på mellom 1500 og 1800 ord (svarar til 4-5 sider), litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna. Studentane har rett og plikt til rettleiing i arbeidet med den skriftlege oppgåva. Rettleiinga blir gitt i tilknyting til seminarundervisninga, og føreset at studentane følgjer denne. Studentane vel oppgåve å arbeide med frå utarbeidde oppgåvealternativ og retningsliner, og dei skal levere oppgåva til fastsett tid og møte til rettleiing etter retningsliner fastsette av instituttet og faglæraren. Studentar som ikkje har oppfylt krava om rettleiing og fått godkjent oppgåva innan fastsette fristar, får ikkje gå opp til eksamen.
Vurderingsformer
Det blir arrangert eksamen kvart semester: på slutten av vårsemesteret og midt i haustsemesteret.
Eksamen i emnet er ein sju dagars heimeeksamen over oppgitt tema. Heimeeksamen skal vere på mellom 2500 og 2800 ord, og skal leverast i tre eksemplar.
Karakterskala
Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Læremiddelomtale
Emnet gjer bruk av eit utval representative tekstar, forfattarar og retningar innafor britisk litteratur (poesi, prosa og drama) frå Shakespeare fram til i dag. Tekstane blir både sette i lys av grunnleggjande litteraturteoretiske problem og sosiale, politiske og kulturelle tilhøve, som óg blir dekkja av relevant pensum.
Undervisningssted
Bergen
Emneevaluering
Undervisningen blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
studieveileder@if.uib.no