Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Engelsk lingvistikk: moderne lingvistikk

Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor 

Undervisningssemester

Vår 

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

 Emnet har som mål å gi studentane innsikt i sentrale tema i moderne engelsk lingvistikk og å introdusere studentane til lingvistiske teoriar og/eller metodar som kan nyttast til å skildra moderne engelsk (Present-Day English) språk frå eit vitskapleg, lingvistisk perspektiv.

Læringsutbyte

Etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

- har utvikla analytiske dugleikar og ei vitskapleg haldning til språket

- har utvikla ei grunnleggande forståing av ein eller fleire lingvistiske

teoriar

Dugleikar

Studenten

- kan bruke lingvistiske metodar til å kasta lys over aspekt ved det engelske språket

Generell kompetanse

Studenten

- har øvd opp ei kritisk og sjølvstendig haldning til språkvitskaplege problemstillingar

¿ kan uttrykke seg korrekt på akademisk engelsk

Krav til forkunnskapar

Det er ingen formelle krav til forkunnskapar, men pensumet og undervisninga har likevel som føresetnad at studentane har solide kunnskapar i engelsk grammatikk og fonetikk, som svarar til gode resultat frå emna ENG114, ENG115 og ENG107

Tilrådde forkunnskapar

Ein rår til at studentane har fullført førstesemesterstudiet og ENG114, ENG115, ENG107, ENG122, ENG125 eller tilsvarande. Særskilt vil ein på det sterkaste rå til at studentane har fullført EXFAC00SK Språk og kommunikasjon, ENG114, ENG115 og ENG107 med godt resultat, eller har tilsvarande kunnskapar (jf. Krav til forkunnskapar). 

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett på Lektorutdanning med master i framandspråk (engelsk, fransk eller tysk) 

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Seminar: opp til 24 timer (normalt 2 timer i veka i 12 veker).

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studentalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Det er venta at studentane er til stades og tek aktivt del i undervisninga. Dette ligg også til grunn for førebuing til eksamen.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er ingen obligatoriske krav, men det blir gitt ei skriftleg oppgåve og ein vil råda til at studentane gjer oppgåva. 

Vurderingsformer

Eksamen i ENG223L blir arrangert kvart semester. Regulær eksamen på slutten av undervisningssemesteret og utsatt eksamen midt i det følgande semesteret.

Eksamen er ein skriftleg tre timars skoleeksamen. Ingen hjelpemiddel er tillatne ved eksamen.

Skoleeksamen kan bli digital.

Karakterskala

Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk. 

Litteraturliste

Pensum omfattar ei framstilling av grunnleggande emne i modern engelsk lingvistikk. 

Emneevaluering

 Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikrigssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen

    Dato
    09.10.2017, 09:00
    Varigheit
    3 timer
    Trekkfrist
    25.09.2017