Bacheloroppgave i engelsk språk
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
Emnet tilbys av
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Tilbys berre som våremne f.o.m. våren 2011. |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Engelsk
Krav til forkunnskapar
Ingen
Læringsutbyte
Studiet skal gi utvida kunnskap om engelsk språk i eit moderne og historisk perspektiv. I tillegg har studentane øvd opp ei kritisk og sjølvstendig haldning til språkvitskaplege problemstillingar. Studiet skal òg gjere studentane flinkare i skriftleg og munnleg engelsk.
Kontaktinformasjon
studieveileder@if.uib.no
Undervisningssemester
Tilbys berre som våremne f.o.m. våren 2011.
Undervisningsspråk
Engelsk
Studienivå
Bachelor
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.
Mål og innhald
I engelsk språk på 200-nivå kan ein ta eit kurs som kan utgjere anten ENG251 eller ENG211. Kurset tek opp ulike tema i engelsk språkhistorie og moderne engelsk lingvistikk. I ENG251 skriv studentane bacheloroppgåve i eit tema frå kurset.
Studentane i samråd med faglærar vel kva tema som skal danne utgangspunkt for bacheloroppgåva.
ENG251 eller ENG252 eller tilsvarande er ein obligatorisk del av spesialiseringa i engelsk. Studentar som tek to emne i engelsk på 200-nivå, vel anten emna ENG211 og ENG252 eller ENG212 og ENG251.
Læringsutbyte/resultat
Studiet skal gi utvida kunnskap om engelsk språk i eit moderne og historisk perspektiv. I tillegg har studentane øvd opp ei kritisk og sjølvstendig haldning til språkvitskaplege problemstillingar. Studiet skal òg gjere studentane flinkare i skriftleg og munnleg engelsk.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ein rår til at studentane har fullført førstesemesterstudiet, og dessutan ENG101, ENG106, ENG122, ENG125 (ENG123/ENG124) eller tilsvarande.
Undervisning og omfang
Seminar: 4 timar pr veke i 12 veker
Obligatoriske arbeidskrav
Studentane har rett og plikt til rettleiing i arbeidet med bacheloroppgåva. Minimum to rettleiingsmøte er obligatoriske. Studentane pliktar å halde dei fristane for innleveringar og rettleiing som vert sette av faglæraren. Studentar som ikkje fylgjer desse retningslinene, misser retten til å ta eksamen i emnet.
Vurderingsformer
Eksamen i ENG251 blir arrangert kvart semester.
Eksamen er ei rettleidd bacheloroppgåve på 4-5000 ord (tilsvarande 12-15 sider), litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna, over eit tema som studentane vel i samråd med faglærar. I tillegg er det ei munnleg prøve der studentane blir eksaminerte i heile pensum og i bacheloroppgåva. Bacheloroppgåva må vere greidd før ein kan gå opp til munnleg prøve. Den munnlege prøva får eigen karakter. Ved fastsetjing av endeleg karakter for emnet tel bacheloroppgåva to tredelar og den munnlege prøva ein tredel. Ein må få ståkarakter i begge prøvene for å få ståkarakter i heile emnet.
Karakterskala
Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Læremiddelomtale
Pensum kan omfatte både språklege primærtekstar og språkvitskaplege tekstar.
Undervisningssted
Bergen
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
studieveileder@if.uib.no