Bacheloroppgave i engelskspråkleg litteratur og kultur
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
Emnet tilbys av
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Tilbys berre som våremne f.o.m. våren 2011. |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Engelsk
Krav til forkunnskapar
Ingen
Læringsutbyte
Studiet skal gi utvida kunnskap om litteratur og/eller kultur. Arbeidet med semesteroppgåva skal øva opp ei kritisk og sjølvstendig forståing av problemstillingar som er knytte til studiet av litteratur og/eller kultur. Studiet skal òg gjere studentane flinkare i skriftleg og munnleg engelsk.
Kontaktinformasjon
studieveileder@if.uib.no
Undervisningssemester
Tilbys berre som våremne f.o.m. våren 2011.
Undervisningsspråk
Engelsk
Studienivå
Bachelor
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.
Mål og innhald
ENG252 gir ei kritisk og teoretisk innføring i engelskspråkleg litteratur, eller i eit kulturrelatert tema. Kurset fokuserer på ein periode eller sjanger i engelskspråkleg litteratur, eller på eit litterært, kulturrelatert eller interdisiplinært tema.
ENG252 eller ENG251 eller tilsvarande er ein obligatorisk del av spesialiseringa i engelsk. Studentar som tek to emne i engelsk på 200-nivå, vel anten emna ENG211 og ENG252 eller ENG212 og ENG251.
Læringsutbyte/resultat
Studiet skal gi utvida kunnskap om litteratur og/eller kultur. Arbeidet med semesteroppgåva skal øva opp ei kritisk og sjølvstendig forståing av problemstillingar som er knytte til studiet av litteratur og/eller kultur. Studiet skal òg gjere studentane flinkare i skriftleg og munnleg engelsk.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ein rår til at studentane har fullført førstesemesterstudiet. Dessutan bør dei ha fullført ENG101, ENG106, ENG122, ENG125 (ENG123/ENG124) eller tilsvarande.
Undervisning og omfang
Seminar: 2 timar pr veke i 12 veker
Teoriseminar: 2 timar pr veke i 10 veker
Obligatoriske arbeidskrav
Studentane har rett og plikt til rettleiing i arbeidet med bacheloroppgåva. Minimum to rettleiingsmøte er obligatoriske. Studentane pliktar å halda dei fristane for innleveringar og rettleiing som vert sette av faglæraren. Studentar som ikkje fylgjer desse retningslinene misser retten til å ta eksamen i emnet.
Vurderingsformer
Eksamen i ENG252 blir arrangert kvart semester.
Eksamen er ei rettleidd bacheloroppgåve på 4-5000 ord (tilsvarande 12-15 sider), litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna, over eit tema som studentane vel i samråd med faglærar. I tillegg er det ei munnleg prøve der studentane blir eksaminerte i heile pensum og i bacheloroppgåva. Bacheloroppgåva må vere greidd før ein kan gå opp til munnleg prøve. Den munnlege prøva får eigen karakter. Ved fastsetjing av endeleg karakter for emnet tel bacheloroppgåva to tredelar og den munnlege prøva ein tredel. Ein må få ståkarakter i begge prøvene for å få ståkarakter i heile emnet.
Karakterskala
Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Læremiddelomtale
Pensumet (tilsvarande 7-10 verk) kan omfatta litterære tekstar, sakprosatekstar, og teoretiske tekstar.
Undervisningssted
Bergen
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem..
Kontaktinformasjon
studieveileder@if.uib.no